Gaustavegen (Hjartdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gaustavegen med fjelltoppane Lille og Store Gaustakne.
Foto: Roy Olsen (2021).

Gaustavegen i Hjartdal kommune går nordover frå krysset med Tuddalsvegen og Bondalsvegen på Bøen i Tuddal til kommunegrensa mot Tinn ved Gaustatoppen der han går over i Svineroivegen. Han er 13,7 kilometer lang og er ein del av fylkesveg 3430 (fv. 651 før 2019). Vegens høgste punkt er ved Flisetjønn på 1260 moh.

Vegen har namn etter fjellområdet Gausta og vart namnsett i 1996.

I 1960 vart det vedtatt å starte opp vegprosjektet Tuddal–Svineroi–Dale i Tinn. Hittil hadde det berre vore mogleg å køyre bil frå Bøen til Tuddal Høyfjellshotell. Det kom på plass ein finansieringsplan for veganlegget som var kostnadsberekna til 360 000 kr, og Tubås bulldozerfirma fekk jobben med fullførelse av vegen. Anlegget skulle startast opp så snart som mogleg frå Tuddal-sida. Det gjekk likevel ikkje heilt som ein hadde håpt. Vegsjefen i Telemark kom med innvendingar om feilprioriteringar og underfinansiering. Det måtte meir pengar til, og dessutan var det viktigare prosjekt i fylket som måtte få forrang, noko Tinns ordførar Sigurd Kolltveit sa seg heilt samd i. I Hjartdal kommunestyre meinte mange at utbetring av vegen frå Bøen til Tuddal Høyfjellshotell var vel så viktig å komme i gang med. Veganlegget fekk med andre ord ingen god start.

Året etter, i juni 1961 tok eit tak igjen. Ein viktig 1 700 meter lang parsell forbi hotellet vart lyst ut på anbod, og arbeidet starta på tampen av månaden. Etter dette stod sju kilometer av strekninga fram til Svineroi igjen, men det skulle ta lang tid før ein kom i mål, sjølv om det tidvis vart jobba frå begge sider. Mellom anna tregleik med finansieringa og korte sesongar gjorde at framdrifta gjekk treigt. Ein milepæl vart nådd i juli 1964. Då kunne Rjukan Arbeiderblad melde at ein traktor, som første køyretøy, hadde tatt seg over til andre sida av anlegget.

Det skulle likevel gå meir enn eit år før første personbil kom seg over. 12. august 1965 skreiv avisa: «To franskmenn og en svenske i en Peugeot personbil kom i går til Svineroi etter å ha kjørt over fjellet fra Tuddal. Dette er den første bilen som har tatt seg fram over denne høyfjellsveien, som ennå ikke er ferdig». 26. august 1965 skreiv same avis: «Høyfjellsveien mellom Svineroi i Tuddal er nå brukbar etter at den er ferdig grovdrevet. På de verste steder er veien blitt gruset, og bilistene har ikke noen problemer med å ta seg over». Etter dette auka trafikken over Gaustad samstundes som vegen vart grust ferdig.

I Hjartdal vart det kunngjord namnekonkurranse for vegen Bøen–Svineroi, og det kom inn mange forslag. Kommunestyret stemte over dei to mest aktuelle namna, Gaustafjellvegen og Gaustavegen. Dei fekk åtte stemmer kvar, men Gaustadvegen vart til slutt vedtatt.

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Rjukan Arbeiderblad: Fleire avisartiklar 1960–1966
  • TA: Fleire avisartiklar 1960–1966
  • TA: Om namnet Gaustavegen. Avisartiklar frå 1996.


Koordinater: 59.75537° N 8.78980° Ø