Georg Burchard Baade

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. feb. 2016 kl. 12:37 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Georg Burchard Baade (1761-1826) var sokneprest i Stranda prestegjeld i perioden 1797-1826. Han vart fødd Bergen, der faren Peder Baade var kjøpmann. Mora var Sophie Jersin, dotter av ein sorenskrivar frå Sogn. George B. Baade avla teologisk embetseksamen i 1787, og året etter vart han feltprest. I 1797 vart han utnemnt som sokneprest i Stranda prestegjeld, eit embete han sat i til han døydde i 1826. Han var gift med Jochumine Angell Tønder (1771-1843), dotter av Ebbe Carsten Tønder, sokneprest i Stranda i perioden 1759-1785. Paret hadde ingen born.

Våren 1814 var Georg Burchard Baade valmann for Stranda prestegjeld.

Kjelder:

  • Olafsen, Arnet og Birch-Reichenwald, Kr.: "Adresser og Fuldmagter", Riksforsamlingens forhandlinger, bd. 2, Kristiania 1914, s. 325-327.
  • Lampe, J. F.: "Bergens stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Biografiske Efterretningaer", s. 258-260.