Gimle gamle skule
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gimle gamle skulehus var bygd 1905 og nedlagd som skule 1945.
Det var ein stor bygning i 2 høgder med klasserom på den eine sida av huset, mot syd. Der var langsgåande gangar med trappeoppgang i enden.
Siste krigsåret vart bygningen nytta av tyskarane til fangeleir for russiske krigsfangar og ikkje teke i bruk etter krigen då ein var redd smittefaren.
Huset vart lenge nytta til lager under byggeperiodar ved den nye Gimle skule og vart fyrst rive ca. 1965. Materialane vart nytta i ymse bygg, mellom anna i hytter.
Kjelder og litteratur
- Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.