Gjeilelie støl (Ustaoset)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jun. 2012 kl. 23:17 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (Overskrift)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lia ned mot Ustevatnet vest for Ustaoset kallast Geilolia. I Geilolia har det truleg vore fleire stølar eller deling av buer mellom fleire gardar. Eit skøyte frå 1771 syner at Eirik Knutson Verpe, Ustedalen, selde stølen Geilolia (Geilelie, Jeilelie) til Ola Hermoson søre Slettemoen i Moen.[1] Ola må ha seld stølen vidare til Lars Asleson Vindegg (synste søre Kaupang, Kvisla), for ved skiftet etter Lars i 1779, var Geilolie lista opp mellom stølane som høyrde til garden.[2] I 1772 følgde ein Geilolie-støl garden nedre nordre Geilo då hovudbølet vart delt. Ola Knutson Geilo selde denne stølen eller stølsdelen til svogeren Lars Olson nedre Geilo ved skøyte i 1808. Truleg hadde Ola likevel att ein halvdel av han, for i 1809 ga han skøyte på stølen med febeite til Ola Olson nordre søre Kaupang.[3] Geilolia har sidan følgd søre Kaupang-gardane, som i 1863 vart slegne saman og kalla Vindegg.

Fotnotar

  1. Reinton b3, s. 91
  2. Reinton b6, s. 294
  3. Reinton b7, s. 312-313

Kjelder

Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol, bind 3, 6 og 7.