Grane (Grane)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. des. 2010 kl. 15:39 av Aaemn784 (samtale | bidrag) (Ny side: '''Grane''' (g.nr. 48<ref>Grane kommune deler matrikkelnummerering med Vefsn kommune, som kommunen tidlegare var ein del av.</ref>), til dagleg òg kalla ''Gran…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Grane (g.nr. 48[1]), til dagleg òg kalla Granegarden, er ein matrikkelgard og hovudgarden i Grane. Garden nemnest fyrste gongen i samband med skuldsetjinga i 1661. Det kjem då fram at garden var nyrudd, så rydjinga fann stad truleg i byrjinga på 1650-talet. Fyrste kjende brukaren var Annfinn Jonsson, som etter segna var frå Jemtland. Det var Granegarden som gav namn til Grane kommune, som i 1927 vart utskild frå Vefsn kommune. Eit anna namneforslag då var å kalla kommunen Øvre Vefsn.

Kjelder

  • Jacobsen, Kjell (1990): Gardshistorie for Grane Grane Sida 382 og vidare. (Oppslege 15.12.2010.)

Fotnotar

  1. Grane kommune deler matrikkelnummerering med Vefsn kommune, som kommunen tidlegare var ein del av.