Gravhaugar og gravrøyser i Fyresdal

Gravhaugar som del av Moland kulturminneløype:

1. Gravhaugane i Øyskogen: Det er 20 gravhaugar i Øyskogen der Fyresdal Bygdemuseum har tunet sitt, og dei utgjer eit av dei største gravfelta frå jernalderen i Telemark. Gravfeltet er i dag delt i to av ein veg. Innafor steingjerdet ligg 14 gravhaugar av varierande storleik. På den andre sida av vegen ligg det seks gravhaugar, ein delvis øydelagd.

Gravhaugar i Øyskogen (Olav Momrak-Haugan 2010)


2. Gravhaugen ved Moland kyrkjebakke:

Ved inngangen til Moland kyrkje ligg ein gravhaug. Dette er ein rundhaug med diameter på 8 m som er noko skada i samband med utgraving av parkeringsplassen.

Gravhaug ved Moland kyrkjebakke (Olav Momrak-Haugan 2010)

På dette biletet ser vi dei fire neste gravhaugane ved vannkanten til høgre. I bakgrunnen er Munkhola.

3. Gravhaugane ved Juni kafe:

Her ligg eit gravfelt med fire gravhaugar frå jernalderen. Alle er rundhaugar. Diameteren på haugane er frå 7 til 13 meter, og dei har ei høgd på opp mot 0,7 meter. Alle haugane er skada av ulike årsakar; masseuttak og anlegging av parkeringsplass mellom anna.

4 gravhaugar ved Juni kafe (Olav Momrak-Haugan 2010)


Eksterne lenker

Øyskogen i Kulturminnsøk Moland Kyrkjebakke i Kulturminnesøk 4 gravhaugar i Kulturminnesøk