Grendeskulane i Hol

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. sep. 2015 kl. 13:32 av Ikabjorn (samtale | bidrag) (Ny side: Hol var ein del av Ål prestegjeld inntil 1870, men allereie i 1842 vart skulekassa skilt ut av felleskassa for Ål og Hol. Det vart i 1742 fastsett at tre lærarar skulle dekke heile Å...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hol var ein del av Ål prestegjeld inntil 1870, men allereie i 1842 vart skulekassa skilt ut av felleskassa for Ål og Hol. Det vart i 1742 fastsett at tre lærarar skulle dekke heile Ål prestegjeld. Dette vil truleg seie at ein lærar virka i Hol. Talet på «skoleholdere» auka snøgt og i 1774 var det 7 og 1807 var talet 12 for prestegjeldet. I 1859 vedtok skulekommisjonen at det skulle vera 6 skuledistrikt, kvart oppdelt i to rotar. Kvart distrikt skulle ha 144 dagar skule med halvparten i kvar rote. Omgangsskulen heldt hus om lag 8-9 dagar på dei fleste gardane før skulen reiste vidare til neste gard. Allereie i 1836 gjorde ei nemnd framlegg om faste skulehus i alle krinsane utan at dette vart noko av. I 1859 vart det vedteke å ha fast skule på «Hol ålmannstugu». I 1861 vart det vedteke fast skule for Sør-Hovet og Holet. I Holet skulle det byggjast skulehus med lærar-/klokkarbustad. Vanlegvis vart det fyrst vedteke at skulane skulle vera på ein fast stad nokre år før dei fekk bygd eigne dedikerte skulehus. Dei fleste skulehusa i Hol vart bygde frå 1877. På 1900-talet vart nynorsken innført i 5 av skulekrinsane. Dette var Moen (1919), Holet (1924), Nordgardane (1934), Skurdalen (1934), Lien (1939).

Skulehusa