Gressetbåten (aurgjeldgeit 1853)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gressetgeita.
Foto: Olve Utne (2011).

Gressetbåten er ein honnfyring frå Gresset i Aure kommuneNordmøre. Han er ein geitbåt av aurgjeldstypen og skil seg ut frå andre bevarte aurgjeldgeiter dels ved at han manglar nyare trekk lånt frå åfjordsbåten som vaterbord, skottdrigle og så vidare, og dels ved ein alderdommelig konstruksjon som inkluderer at alle borda er hogne og at framstamnen har ei karakteristisk, alderdommelig form. Da Gressetgeita vart oppdaga av fagfolk, trudde ein at dette var ein båt frå 1700-talet, men ein dendrologisk analyse har datert treverket i båten til 1853.

Bildegalleri