Grunningsdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. nov. 2017 kl. 14:14 av Bergit Telnes (samtale | bidrag) (Ny side: '''Grunningsdalen''' ligg i Seljord kommune, og grensar mot Hjartdal kommune. Dalen skil Mælefjell i nordvest frå Lifjell i søraust, og lagar naturlege samband mellom Sauland i Hjartd...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Grunningsdalen ligg i Seljord kommune, og grensar mot Hjartdal kommune. Dalen skil Mælefjell i nordvest frå Lifjell i søraust, og lagar naturlege samband mellom Sauland i Hjartdal kommune og Seljord. Det er ein fint forma U-dal med jamne bratte dalsider. Frå gamle tider har der vore mykje villdyr i denne dalen. Der har vore både elg og gaupe, og namn som Bassegrøi minner oss om at bjørnen også har halde til i dalen. Jakt og fiske har vore viktige aktivitetar i dalen. Elva Grunna renn gjennom dalen, og or den har det blitt dratt opp mang ein stor aure.

Busetnad. Segni fortel at det har vore fast busetnad og store gardar i Grunningsdalen frå gamalt av. Namn som Borgelid, Vetterhus, Sigridsnes, Elselid, Smylemoen og Heddelid tyder på dette. Det heitest at dalen vart liggjandde folketom etter Svartedauden. Frå 1600-1700-talet og fram til våre dagar har det vore stølsdrift i dalen.

Den viktigaste segna frå denne dalen er soga om Guro Heddelid, den stolte, fine og rike jenta som hadde mange beilarar. Jørund Telnes har skrive historien om Guro i Telnes-skriftene, bind 2.