Gulatinget

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. okt. 2018 kl. 08:36 av Gulapinn (samtale | bidrag) (Ny side: ''"Langt attende i di tiene æsene rådde, va da frelaust mydlo sygner og hordar. Dei fore mæ stulder og plunder, brenning og dreping mest kvar dagjen. Da va ei øksarti"''. Slik begynn...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

"Langt attende i di tiene æsene rådde, va da frelaust mydlo sygner og hordar. Dei fore mæ stulder og plunder, brenning og dreping mest kvar dagjen. Da va ei øksarti". Slik begynner sagnet om korleis Guløy fekk namnet sitt. Det er viktig for oss å ta vare på restane etter den rike historien om Gulatinget og om staden der det starta ein gong, på Guløy, på Flolid gard. Gulatingslova er opphavet til lovene våre. Her samlast dei, på vårparten, kvart år får å avgjera tvister og døme i saker. Kvifor valde dei Guløy til tingplass? Plassen vart vald etter nøye planlegging. I Gulafjordane fann dei eit allereie utvikla samfunn, der folket som budde der, i trange dalar og uframkommeleg terreng, hadde organisert seg, så dei var sjølvhjelpne med det meste. Det måtte vere. sikkert for åttak utanfrå. Guløy var lett å vakte frå landsida og oversiktleg frå sjøsida.Det er bygd vardar på på fjella over Svaberg, på Midtunfjellet, Stevnebøfjellet og Næverdalsfjellet. 4 vardar med Guløy i midten. På andre sida av fjorden ligg Glosvik, kjem av gløse, glo, sjå, der held dei vakt, der hadde dei god utsyn til tingstaden. Namn på Flolid/Guløy som framleis er i bruk: Domsteinen, ligg på toppen av Guløy. Namnet seier kva han vart brukt til. Når du står ved steinen, vendt mot landsida, ser du berget slik det var før det grodde til for mykje, eit fint amfi. Tingvollane, det var vel tingvollane. På austsida ligg Knarrholmen, der vølte dei båtane. Tidlegare kunne dei sjå ei steinsett gropder, med restar etter kol. Knarr er ein båttype som var brukt i vikingtida. På vestvågen ligg Veholmen, der vigsla dei tinget med blot i hedensk tid. Krosshaugen, det er vel rimeleg å tru at her stod krossen, den første dei hadde på tinget. Den vesle krossen som vart flytta til kyrkja på Flolidstranda, og seinare fekk avslege eine armen, då han vart flytta til Eivindvik.