Gulnes Kvartsbrudd

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. mar. 2018 kl. 11:02 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Gulnes Kvartsbrudd.

Gulnes Kvartsbrudd ligg ved Bandak og høyrer til Kviteseid kommune. Det var Sverre Bakke i Lårdal som eigde gruva, og Jon Kristensen frå same bygd som dreiv ho. I sumarhalvåret sysselsatte gruva 6-8 mann. Då gruva var i drift tok ein ut sand som inneheldt 97 prosent kiselsyre. Ein del av sanden var også jernhaldig. Sanden vart transportert til Borgestad Fabrikker med lastebåt og lekter. Her dreiv ein jernstøyping.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.