Høddvoll stadion

Høddvoll stadion, Høddvollvegen 10 i Ulsteinvik, er heimebana til fotballklubbane IL Hødd og Flø IL. Bana vart offisielt opna mandag 13. april 2015 og erstatta då gamle Høddvoll, som ligg rett ved sidan av. På nye Høddvoll, som måler 100 x 62 meter, er det kunstgrasdekke og flaumljos.

Høddvoll i 2020.
Foto: Trond Nygård

Fotballbana var innspelingsstad for NRK-serien Heimebane (2018 og 2019). Høddvoll stadion var der omdøypt til «Tangsrud Arena».

Kjelder og litteratur