Hallvard Bjånes

Hallvard Bjånes (fødd 13. februar 1892 i Austevoll, død same stad 6. desember 1981) var fiskar, vegarbeidar og kyrkjetenar. Frå 1944 til 1969 var han kyrkjetenar ved Austevoll kyrkjeHuftarøy.

Hallvard Bjånes (1892-1981).
Foto: Ukjent fotograf

Tidleg viste han interesse for historie, og særleg sette han seg godt inn i kommunen si kyrkjehistorie. Han var ein svært god forteljar, og lag og foreiningar brukte han ofte som foredragshaldar. Dessutan skreiv han artiklar og segner frå kommunen i det lokalhistoriske tidsskriftet Frå Fjon til Fusa. I tillegg til å lesa historiske verk skaffa han seg historiekunnskapar frå samtaler han hadde med foreldre- og besteforeldregenerasjonen.

Sokneprestane sette stor pris på den kunnskapsrike kyrkjetenaren fordi han kunne opplysa dei om ulike tilhøve i kyrkjekvardagen som dei elles måtte skaffa seg på ulike måtar og på eiga hand.

Hallvard Bjånes kjøpte seg piano, lærte seg sjølv å spela på instrumentet og musikkunnskapen nytta han i ulike samkomer. Sidan han støytte på mange latinske uttrykk i ulike kjelder han granska, lærte han seg latin.

På eit møte i Midthordland prosti i slutten av 1960-åra heldt Hallvard Bjånes eit foredrag om Austevoll-kyrkjene si historie frå middelalderen og fram til etterkrigstida. Bjånes sine kunnskapar og fengjande forteljingsmåte fengsla tilhøyrarane. Difor reiste ein av redaktørane  i Bjørgvin bispedømme sitt tidsskrift Bjørgvin. Kyrkjesogelaget 1971, Rolf R. Skre, tilbake til Austevoll for å intervjua Hallvard Bjånes. Intervjuet finn ein her: Kjeldearkiv: Austevollkyrkjene og tradisjon i tilknyting til dei.

Ei av oppgåvene til kyrkjetenaren var å varma opp kyrkja til gudstenestene i kalde vintermånader. Han rodde frå det då veglause Bjånes klokka fire om morgonen til staden der kyrkja låg, og med primuslykt i handa gjekk han vidare i det veglause og kuperte terrenget til kyrkja. Etter å ha bore inn mange fang ved, og fått god fyr i omnen, breidde han frakken over seg og blunda litt på ein kyrkjebenk.

 

Kjelder og litteratur

  • Vidar Bjånesøy.
  • Eide, Arne: Austevoll kyrkje. Festskrift til hundreårsdagen 1891-1991. Utgjevar Austevoll sokneråd 1891.
  • Bjørgvin. Kyrkjesogelaget 1971, s. 71-88.