Halsnøya (Kvinnherad)
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Halsnøya er ei øy i Kvinnherad kommune, Hordaland. Ho ligg heilt sør i kommunen, på nordsida av Skåneviksfjorden. Høgaste punktet på øya er Ravnakulten, som når 291 meter over havet. Det er den største øya i kommunen både etter areal og folketal, og har ei utstrekkjing på 38 kvadratkilometer og omlag 2400 innbyggjarar (2006). Øya er mest kjend for Halsnøy kloster, som vart oppretta i 1163 eller 1164.
Sentrum og største tettstad på Halsnøya er Sæbøvik, som hadde 838 innbyggjarar i 2004. Øya nord for Sæbøvik kallast for «utøya», medan sørdelen kallast for «innøya». «Utøya» er lavlendt og nokså godt egna for jordbruk, og her finst klosterruinane, Eid kyrkje og Sunnhordland folkehøgskule, stifta 1868.
Halsnøya var lenge den største øya på Vestlandet utan vegsamband med fastlandet, men i dag ... Elles er det ferjesamband frå Ranavik heilt vest på Halsnøy til Leirvik på Stord og Sunde på fastlandet.
Namnet Halsnøya kjem truleg av ordet hals, avdi øya er knipe saman ved eit eid. Øya vart tidlegare også kalla Halsne.
Kjelder
- Halsnøya i Store norske leksikon.
- Halsnøy på Wikipedia på nynorsk
- Halsnøy på Wikipedia på bokmål og riksmål
|