Hans Hansen Lillienskiold d.e.

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. aug. 2011 kl. 13:30 av Aaemn784 (samtale | bidrag) (→‎Litteratur: Def.sort.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Hansen Lillienskiold (Hans Hansen Schmidt) (fødd ca 1610 i Tønder, Danmark, død 6. november 1681 i Bergen) var son av handelsmann Hasn Schmidt i Tønder. Han vart adla 26. mai 1676 og tok då namnet Lillienskiold.

Lillienskiold var slottsskrivar på Bergenhus 1641-1648, tok deretter borgarskap i Bergen, var rådmann der frå 1650, lagmann i Bergen frå 1652, lensherre over Trondheims len 1658-1662, medlem av det nordenfjelske admiralitetsråd frå 1665, møtte i overhoffretten 1665-ca 1670, kongeleg kommisær i Noreg 1665, assessord i Høgsterett i Noreg 1665 og i overhoffretten 1666-1669, amtmann for Bergenhus amt 1667-1669 og konstituert stiftamtmann for Bergen stift 1679-1681.

Han var ein svært rik mann og sat med mykje jordegods i Bergens stift, mellom anna delar av det tidlegare godset til Apostelkyrkja i Bergen. Ein del av dette var alle gardar i Jostedalen i Sogn og Fjordane som han overtok frå Kongen med skøyte 24. januar 1664. Jostedalsgodset vart selt vidare til Birgitte Munthe i mars 1681. (Sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800.)

Med den fyrste kona si Margrethe Jonasdatter (død ca 1654) fekk han sønene

  • Hans Hansen Lillienskiold (ca 1650-1703)
  • Jonas Lillienskiold (ca 1651-1691)

Litteratur

  • Artikkel i Dansk biografisk leksikon
  • Nedrebø, Yngve. (1999). Hans Hansen Lilienskiold (ca 1650-1703) - kunstner, humanist og adelsmann. Bergensposten (nr. 2), 9-11. (Digital utgåve)
  • Weidling, Tor. (2000). Eneveldets menn i Norge. Sivile sentralorganer og embetsmenn 1660-1814. Oslo: Riksarkivaren, s. 233-234.1