Hans Holmboe (1769–1821)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. des. 2014 kl. 17:56 av Haraldkr (samtale | bidrag) (Ny side: Hans Holmboe (1769-1821) var residerande kapellan i Tingvoll i perioden 1804-1815. Han var fødd i Kristiania i 1769 som son av kjøpmannen Hans Frederik Holmboe og Maren Carlsen...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Holmboe (1769-1821) var residerande kapellan i Tingvoll i perioden 1804-1815. Han var fødd i Kristiania i 1769 som son av kjøpmannen Hans Frederik Holmboe og Maren Carlsen. Hans Holmboe tok teologisk embetseksamen i 1796, og han vart same året personleg kapellan hos den komande svigerfar sin i Skedsmo, Nils Høegh. Hans Holmboe gifta seg i 1803 med Elen Christine Høegh (1774-1831). Saman fekk dei fem born. I 1804 vart han residerande kapellan i Tingvoll, eit embete han hadde fram til 1815. Frå 1815 og fram til han døydde i 1821 var han sokneprest i Beitstad i Nord-Trøndelag.

Våren 1814 var Hans Holmboe valmann for Tingvoll prestegjeld.

Kjelder:

  • Erlandsen, Andreas: "Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Trondhjems Stift", 266-267.
  • Olafsen, Arnet og Birch-Reichenwald, Kr., "Adresser og Fuldmagter", Riksforsamlingens forhandlinger, bd. 2, s. 328.