Hans Romundset

Hans Romundset (1904-1992) var ein skreddar og spelemann frå garden Romundset («Hansgarden») på Skarsøya i Aure kommuneNordmøre.

Tidleg speling

Hans byrja med felespel då han var i 10-14 års alderen. Ein viktig læremeister i denne tida var den eldre broren, Ola. Men for det meste var Hans sjølvlærd i felespeling. Hans og Ola spela mykje i lag, både privat og offentleg. Ofte var også systra Oline med på gitar.

Hans fekk si eiga fele då han var 14-15 år gamal. Denne fela brukte han omtrent heile livet igjennom. Hans var særs aktiv som spelemann i 1930-åra og fram til han gifta seg med Ingrid Johansen frå Vesterålen i 1943.

Skreddar

Då Hans var 23-24 år byrja han som skreddarlærling hjå Halvard Husby i Foldfjorden. Husby flytta seinare til Lurvika, og Hans fylgde med. Etter kvart ville Halvard Husby slutte som skreddar, og Hans Romundset tok då over praksisen.

Etter ei tid busette Hans seg i «Grønvikja» i Lurvika, saman med kona si. Dei fekk to born. Etter dette måtte Hans arbeide for å brødfø familien sin. Han slutta difor som spelemann ei tid.

Medlem i Aure spelemannslag

I 1966 vart Aure spelemannslag stifta, etter initiativ frå Ola Aarsund i Mjosundet. Hans Romundset vart med i laget, og starta opp att som spelemann. Spelemannslaget var ei stund svært aktivt, og var med på kappleik, brudlaup og andre tilstelningar. I 1985 vart Hans Romundset tildelt æresmedlemskap i Nordmøre spelemannslag for si lange tid som aktiv spelemann.

Komponist

Etter at Hans vart med i spelemannslaget, byrja han med å komponere melodiar. Han har laga over 100 komposisjonar, 86 av desse har hans sjølv spela inn på band. Ein populær melodi etter Hans Romundset er «Lurvikvalsen».

Kjelder

Hilde Bergfald: «Hans Romundset», i Tu Aurgjelda, 1997.