Heldals Møbelfabrikk

Heldals Møbelfabrikk vart starta av Hjalmar Heldal i 1938. Fabrikken låg ved Neslandsvatn stasjon i Drangedal kommune.

Møblar frå Heldals Møbelfabrikk.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949

Møbelfabrikken spesialiserte seg på moderne møblar til soverom. Møblane vart teikna av arkitektar. Fabrikken produserte elles ein del småmøblar. Møblane vart omsett på Sør- og Austlandet, både engros til møbelforretningar og gjennom agentar.

Kjelder

  • Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.