Hemli (Eidsvoll gnr. 168)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hemli
Sted: Langset sokn
Fylke: Akershus
Kommune: Eidsvoll
Gnr.: 168

Hemli er en gard i Eidsvoll kommune.

Hemli (gardsnummer 168) er i dag tre gardar på austsida i Eidsvoll i den bygda som i mellomalderen gjekk under namnet Durål. Hemli ligg på om lag 200 meter over havet, og delet går i vest mot Milli og i nord mot Oppgarden (Okkarn) Hol. I sør går delet mot Tynsåk, Sunnold (Sandholt) og Røkholt. I aust har garden skau mot ålmenninga. Garden er nemnt fyrste gong i biskop Eysteins jordebok i 1394 i skriftforma Hæmlini. To forngilde øyresbol låg då til Tynsåk kyrkje, og det må berre ha vori ein liten del ut av skylda. Holmsen meiner at Hemli i høgmellomalderen kan ha vori på mellom 20 og 30 øyresbol. Frå 1600-talet og framover var skylda på 1 skippund og 5 lispund. Hemli er eit vin-namn, der siste leddet tydar grasmark eller eng, og namnet kan vera frå dei fyrste århundra etter kristi fødsel. Namnet kan frå fyrst av ha vori namn på ei eng slik det òg kan vera med grannegarden Milli. Fyrste leddet er truleg eit ord heml som tydar berg eller stein. Det høver godt med læget åt garden som delvis ligg på berg. Hemli ser ut til å ha vori einbølt fram til garden vart delt i to lutar kring 1640. Den eine luten vart delt i to bruk i 1757. Desse to bruka kalla einannan truleg Arstun – eigenleg "are stua", og seinare vart den eine delen kalla Karlstun (bruksnummer 7) etter ein brukar ved namn Karl Larsson i tida 1789–1816. Det andre Arstun-namnet stivna og er i dag namn på bruksnummer 1. Den andre luten vart delt i to lutar i 1772. Desse to lutane har sidan vori kalla Nordstun (bruksnummer 3) og Søstun (bruksnummer 6 og 8). Truleg må dei ha hatt eit anna læge tidlegare, ettersom Nordstun i dag ligg sør for Søstun. Karlstun vart i 1889 lagt inn under Søstun. Framleis ligg jordvegen mellom Hemli-gardane i teigblanding, og i motsetnad til dei fleste gardane i Eidsvoll og på austlandet elles, har det aldri vori heldt utskifting her. Det er svært mange teignamn nytta på Hemli. Namn som høyrer til Arstun er: Østjordet som ligg nord for Arstun, den gamle bygdevegen nord for Hemli som i dag går under namnet Holsletta er kalla Hemlibakken, lenger vest ligg eit jorde ved namn Langlia, litt lenger øst ligg eit jorde ved namn Sølia og litt lenger nord eit jorde ved namn Englia. Etter ei planering av desse tre tidlegare engene i 1970 har dei gått under namnet Planeringa. Lenger vest og sør og for seg sjølv ligg Lykkja som i dag er namn på ein åker, men som opphaveleg må ha vori namn på ei lykkje. Namn i Søstun: Nord for Søstun ligg eit berg ved namn Eikhaugen som må ha namnet sitt frå ei eller fleire eiker som veks her. Karlstun vert i dag nytta om det tidlegare føderådshuset, som i dag er frådelt. Hagajordet er ein åker vest for Eikhaugen. Lenger sør og vest på delet mot Milli ligg ein åker ved namn Nordenga, som ut frå namnet å døme opphaveleg må vera ei eng. Sør for Nordenga ligg Søenga som òg er kalla Synste enga. Ut frå namnet å døme er det her òg grunn til å tru at det opphaveleg har vori ei eng. Åkeren sør for låven i Søstun har vori kalla Gamle jordbærslandet, men er òg kalla Jordet synna låven. I vest ligg ein åker ved namn Jordslia. Lenger sør ligg ein åker som går under namnet Ragnhildhaugen. I aust ligg ein bakke som går under namnet Østbakken. Lenger sørvest ligg åkeren Ragnhildhaugflaen. Sør for Ragnhildhaugflaen ligg jordet Søbakken. Mot aust ligg Rugbakken, Hemlibakken, Østjordet (òg kalla Arstujordet), Søstudammen, Nordstudammen, Vestlia og Hagajordslia. Namn i Nordstun: Åkeren sør for Nordstun går under namnet Jordet. Lenger vest går ein bekk som vert kalla Bekken. Mot aust ligg ein bakke ved namn Hemlibakken. Ein dal som går nord-sør er kalla Åsdalen. Lenger nord ligg ein åker som vert kalla Kjonfløtten, og som må ha namnet etter ei kjone som har stått her, Ulvedalen, Dammen, Væle er namnet på eit dråg vest for Søstun, og det er grunn til å tru at namnet er det same som ordet vele som tyder koss eller bråte, Bekken, Kulpen, Styrten, Inngjerdinga, Sameia, Hemlistuvegen, Slettbakken, Hemliberget, Syndre Enga, Damjordet og Osprabben.

Husmannsplasser

Kilder og litteratur


Mal:Infoboks gardsbruk