Herøy kystlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Herøy.jpg

Herøy kystlag (HK) vart etablert i 1991. Opprinneleg var tanken at dette skulle vere ein modellbåtklubb for dei som dreiv på med slikt i Herøy. Men det enda opp med at det vart eit større perspektiv på laget med fokus på kystkultur. Laget vart innmeldt i Forbundet KYSTEN i 1994. Laget har ca. 70 medlemmar.

Aktivitetar er retta inn mot bevaring av dei båtar, motorar og gjenstandar laget eig, innsamling av foto og film, produksjon og sal av boknasild, drift av Fosnavåg Gjestebrygge og restaurering og utvikling av slippen i Nørvågen. Sidan Herøy kommune har Herøy Kystmuseum som tek seg av tida fram til "motorbåtalderen", har Herøy Kystlag sidan starten konsentert seg om "motorbåtalderen". Dette passar også godt i at laget har base i "Slippen", som er plassert på indre Fosnavåg havn, ei havn som utvikla seg sterkt i takt med nettopp motoren sitt inntog i fiskebåtane frå kring 1906.

Alle som har interesse for kystkultur kan melde seg inn i Forbundet KYSTEN og Herøy Kystlag som lokallag.


Slippen i Nørvågen

Slippen i Nørvågen er Kystlaget si base. Intensjonen er at Fosnavåg skal få eit anlegg der utviklinga både på sjø og land i perioda frå 1900 og fram til i dag vert synt fram i ei heilheit.

Bygninga vart sett opp i 1950 og er i betong. Den har tre etasjer. Første etasje er i dag eit lager av motorar og andre ting. Men tanken er at det skal verte ein kombinert motorhall og snikkarverkstad og eit mekanisk verkstad/smie.

Andre etasje har lager, kontor og pauserom, wc og utstillingslokale.

3 etasjen er delvis nyinnreidd og kan nyttast til utstillingar og møte/kurs. Eit rom er tiltenkt brukt til foto. Målet er å få til "ei reise i tid" der besøkande kan få sjå og oppleve utviklinga som har vore i Fosnavåg, kommuna og distriktet i denne perioda gjennom å sjå gjenstandar, båtar eller bileter.

I båthallen var der før to "såperenner" for opptrekk. Hausten 2011 gjer vi om på dette og lagar til skinner i eine delen. Der vil vi kunne trekke opp fleire båtar for vøling og lagring under tak. Hallen vil også bli nytta til lagring av eigne båtar.

Den store slippvogna som stod ute vart fjerna før vi overtok. Den tok i si tid opp båtar på over 100 fot. Vårt mål er å få laga til ei eller fleire nye vogner der vi kan trekke opp båtar på inntil ca. 70 fot. Dette kan vere både for restaureringsføremål men også kommersiell drift. Ei eiga "slippgruppe" vil frå mai 2011 sjå nærare på dette.

Vi ser føre oss aktørar i fartøyvernet, næringslivet, reiselivet og ikkje minst skulane som naturlege brukarar av eit slikt senter. Når det gjeld reiselivet er det vårt håp at Slippen vil bli ein viktig ”magnet” for heile regionen. På Slippen vil vi dekke ei epoke som ikkje andre her ute dekkjer.

Det var sommaren 2005 at Herøy Kystlag kjøpte slippen i Nørvågen. Før det leigde vi anlegget i 6 år. Det klarte vi ved hjelp av låneopptak i Sparebanken Møre og med stønad frå Herøy Kommune og Herøy Næringforum. Sidan då har mykje skjedd på anlegget. Der er skifta tak, sett inn mange nye vindu, oppgradert VVS, elektrisk og sanitær, drenert og asfaltert. Bygget har også fått mykje ny maling både ute og inne. Golvet i smia har blitt støpt nytt og gamle dører har blitt mura att.

Shetlandsutstilling.

Frå våren 2011 ser ein på moglegheitene for å få til ei permanent utsilling over "Shetlandsgjengen" på Slippen i lag med m.a. Herøy Rotaryklubb. Men før noke slikt kan realiserast treng det ein del bygningsmessige påkostningar.


Gudrun

Gudrun er bygd i Bjørkedalen i 1940. Var heimehøyrande i Sula, Ålesund og Rauma før den i 1985 kom til Herøy (Inge Bergsnes). Den var i drift til 1999 då den sokk på julaftan. HK kjøpte den med Møretrygd etter hevinga i 2000.

Gudrun var først 34 fot, men forlengd til 37, klinkerbygd. Det er ein typisk ein og tomannsbåt. Den har hatt Hjelseth motor, og 2 stk,. Marna dieslar. No høyrer ein 108 Ford til.

Båten vart sett på land på slippen i 2001, og treng ei omfattande restaurering om den skal på sjø att.

Våren 2012 er det tenkt ei omfattande kampanje for å skaffe midlar til restaurering. Riksantikvaren er også inne i bildet.