Herøy sogelag: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 51: Linje 51:
== Sjå også ==
== Sjå også ==


*[[Bibliografi:Herøy kommune]]
*[[Bibliografi:Herøy kommune (Møre og Romsdal)|Bibliografi:Herøy kommune]]


[[Kategori:Historielag]]
[[Kategori:Historielag]]

Sideversjonen fra 28. jun. 2021 kl. 11:06

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Herøy sogelag i Herøy kommuneSunnmøre vart skipa 25. oktober 1936. Laget gjev ut årboka Folk og fortid og hadde 672 medlemmar ved årsskiftet 2018/19. Det har vore ein stabil auke gjennom mange år.

Sogelaget «har til oppgåve å ta vare på folkeminne, segner og anna tradisjonsstoff ved å få det nedskrive eller gjere lydopptak med folk som kan fortelje om slike ting, og likeeins samle inn og ta vare på dagbøker, brev, bilete og anna av historisk verdi».

Hovudaktivitetar og publikasjonar

Ei viktig oppgåve har vore tidsskriftet, som fekk namnet Folk og Fortid. Det kom ut med ulike mellomrom fram til 1972, men etter det har det kome ut kvart år.

På 1960-, 1970- og 1980-talet kom det omfattande arbeidet med lokalhistoria for Herøy ut i bokform. Det var Bjarne Rabben som stod for det aller meste av dette arbeidet. Herøyboka, som verket heiter, kom ut i tre band med gards- og slektshistorie, fire band med generell lokalhistorie og sist eitt band «Ute i krig».

Herøy Sogelag hadde også mykje å seie då Herøy kommune kjøpte Herøy Gard og fram til Herøy Kystmuseum vart skipa – og har også vore med i arbeidet vidare.

I Hallvard Leinebø si tid fekk sogelaget bygd kopiar av Kvalsundbåtane.

Herøy Sogelag har frå 2005 gitt ut «Herøykalenderen» med bilde frå alle dei tidlegare skulekrinsane i Herøy. Kalenderen kom også ut nokre år rundt 1990.

Av andre aktivitetar som sogelaget har drive, må nemnast: Herøystemnet, sogekveldar og bygdevandringar.

Herøy Sogelag har fått digitalisert ca. 1600 bilde og fått systematisert arkivet sitt.

Siste store arbeidet til sogelaget har vore vidareføring av Herøybøkene. No var det gards- og slektshistoria som måtte fornyast. Per-Ståle Moltu var prosjektleiar for dette arbeidet, og det kom ut 5 band: «Heimar og Folk» 1, 2, 3 og 4 i tida 2009 til 2013, og i tillegg kom «Registerbandet» i 2014.

Vi har digitalisert ca. 1600 bilde, men det ligg ikkje på nettet.

Leiarar

  • Bjarne Rabben (1936-1972)
  • Hallvard Leinebø (1972-1983)
  • Per Moltu (1984-1985)
  • Ånund Homme (1986)
  • Olav Solheim (1987-1988)
  • Oddbjørg Remøy (1989-1996)
  • Paul Nærø (1997)
  • Svein Gjelseth (1998-1999)
  • Arnljot Grimstad (2000-2004)
  • Gudmund Solstad (2005)
  • Johan Moltu (2006–) SJEKK

Steinar Åheim har vore kasserar, sekretær og styremedlem i Herøy sogelag i fleire tiår.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer

Sjå også