Herøy sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Herøy sogelag i Herøy kommuneSunnmøre vart skipa 25. oktober 1936. Laget gjev ut årboka Folk og fortid og hadde 672 medlemmar ved årsskiftet 2018/19. Det har vore ein stabil auke gjennom mange år.

Sogelaget «har til oppgåve å ta vare på folkeminne, segner og anna tradisjonsstoff ved å få det nedskrive eller gjere lydopptak med folk som kan fortelje om slike ting, og likeeins samle inn og ta vare på dagbøker, brev, bilete og anna av historisk verdi».

Leiarar

  • Bjarne Rabben (1936-1972)
  • Hallvard Leinebø (1972-1983)
  • Per Moltu (1984-1985)
  • Ånund Homme (1986)
  • Olav Solheim (1987-1988)
  • Oddbjørg Remøy (1989-1996)
  • Paul Nærø (1997)
  • Svein Gjelseth (1998-1999)
  • Arnljot Grimstad (2000-2004)
  • Gudmund Solstad (2005)
  • Johan Moltu (2006–) SJEKK

Steinar Åheim har vore kasserar, sekretær og styremedlem i Herøy Sogelag i fleire tiår.

Hovudaktivitetar og publikasjonar

Gje ut «Tidsskrift for Herøy Sogelag» - dette fekk namnet «Folk og Fortid». Det kom ut med ulike mellomrom fram til 1972, men etter det har det kome ut kvart år.

På 1960-, 1970- og 1980-talet kom det omfattande arbeidet med lokalhistoria for Herøy ut i bokform. Det var Bjarne Rabben som stod for det aller meste av dette arbeidet: Herøyboka, som verket heiter, kom ut i tre band med gards- og slektshistorie («Gardar og Folk» 1, 2 og 3), fire band med generell lokalhistorie («Bygdesoga» 1, 2 og 3 og «Landslag og Folkeliv») og sist eitt band «Ute i krig».

Herøy Sogelag hadde også mykje å seie då Herøy kommune kjøpte Herøy Gard og fram til Herøy Kystmuseum vart skipa – og har også vore med i arbeidet vidare.

I Hallvard Leinebø si tid fekk sogelaget bygd kopiar av Kvalsundbåtane.

Herøy Sogelag har frå 2005 gitt ut «Herøykalenderen» med bilde frå alle dei tidlegare skulekrinsane i Herøy. Kalenderen kom også ut nokre år rundt 1990.

Av andre aktivitetar som sogelaget har drive, må nemnast: Herøystemnet, sogekveldar og bygdevandringar.

Herøy Sogelag har fått digitalisert ca. 1600 bilde og fått systematisert arkivet sitt.

Siste store arbeidet til sogelaget har vore vidareføring av Herøybøkene. No var det gards- og slektshistoria som måtte fornyast. Per-Ståle Moltu var prosjektleiar for dette arbeidet, og det kom ut 5 band: «Heimar og Folk» 1, 2, 3 og 4 i tida 2009 til 2013, og i tillegg kom «Registerbandet» i 2014.

Vi har digitalisert ca. 1600 bilde, men det ligg ikkje på nettet.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer