Hilde Louise Asbjørnsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. nov. 2016 kl. 10:11 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Hilde Louise Asbjørnsen er ein musikar, tekstforfattar, komponist, revyartist og skodespelar fødd i Sykkylven i 1976. Sjangermessig er Asbjørnsen grenseoverskridande. Ho har skrive og...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hilde Louise Asbjørnsen er ein musikar, tekstforfattar, komponist, revyartist og skodespelar fødd i Sykkylven i 1976. Sjangermessig er Asbjørnsen grenseoverskridande. Ho har skrive og framført musikk med eige band i sjangrane jazz, pop og kabaret sidan 2000.

Hilde Louise Asbjørnsen starta si musikalske utvikling i heimkomunen Sykkylven. Ho tok pianotimar med fru Tynes, og fekk seinare undervisning i den kommunale musikkskulen med lærarane Åge Lade og Corrado Genta. Etter fullført vidaregåande skule i Sykkylven reiste ho til Oslo der ho tok bachelor i teatervitskap ved Universitetet i Oslo.