IMG

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. des. 2013 kl. 08:30 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''IMG''' (Internasjonal Møbel Gruppe)er ein møbelprodusent med hovudkontor i Sykkylven. Bedrifta vart etablert i 2006 av Nils Gunnar Hjellegjerde, tidlegare administrerande direktør ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

IMG (Internasjonal Møbel Gruppe)er ein møbelprodusent med hovudkontor i Sykkylven. Bedrifta vart etablert i 2006 av Nils Gunnar Hjellegjerde, tidlegare administrerande direktør i Hjellegjerde Møbler AS. IMG går i 2014 inn som ein del av Ekornes-konsernet.

IMG hadde frå etableringa produksjon i det fjerne Austen. Varespekteret var i første rekkje kvilestolar i ulike variantar. I 2013 hadde IMG to fabrikkar i Vietnam med til saman 440 tilsette og ein fabrikk i Thailand med 250 tilsette. Omsetninga i konsernet var då om lag 300 millionar kroner. Hovudkontoret, med administrasjons- og produktutviklingsavdeling, var i Sykkylven og hadde 12 tilsette. Leiar ved kontoret var Renate Karlsen.

I desember 2013 gjekk bedrifta inn ein intensjonsavtale med møbelverksemda Ekornes som innebar at IMG skulle bli eit eige forretningsområde i Ekornes. Nils Gunnar Hjellegjerde uttala til media at ein viktig grunn til at avtalen vart inngått var at IMG trong ein profesjonell eigar som Ekornes for å utvikle bedrifta vidare. Ein del av avtalen var at Nils Gunnar Hjellegjerde skulle halde fram som leiar i IMG i tre nye år.

Kjelde:

  • Sykkylvsbladet 18.12.2013