Industriservice: Forskjell mellom sideversjoner

lenkjer
Ingen redigeringsforklaring
(lenkjer)
Linje 1: Linje 1:
'''Industriservice''' var ein tenesteytar for den lokale industrien i Sykkylven. Bedrifta vart etablert av Rolf Melseth i [[1970]]. Etter nokre år byrja bedrifta også å framstille eigne produkt til fleire ulike bransjar. Mellom anna var møbelindustrien, landbruket og oppdrettsnæringa målgrupper for Industriservice.
'''[[Industriservice]]''' var ein tenesteytar for den lokale industrien i [[Sykkylven]]. Bedrifta vart etablert av Rolf Melseth i [[1970]]. Etter nokre år byrja bedrifta også å framstille eigne produkt til fleire ulike bransjar. Mellom anna var møbelindustrien, landbruket og oppdrettsnæringa målgrupper for Industriservice.

I dei avgjerande omleggingsåra i 1960- og 70-åra la lokale fabrikantar vinn på å rasjonalisere og automatisere produksjonen for å bli konkurransedyktige. Fabrikantane auka produksjonsvolumet utan å tilsette arbeidarar. Denne prosessen var også [[Vestlandske Møbler|Vestlandske Møbelfabrikk]] gjennom. Tidlegare disponent ved fabrikken, [[Asbjørn Fredriksen snr.|Asbjørn Fredriksen]], såg i 1969 eit fjernsynsprogram frå ein kleshengarfabrikk på [[Mysen]] i Østfold. Der hadde dei løyst problemet med å splitte opp laminert tre i mange delar i ein operasjon. Fredriksen såg at dette kunne få mykje å seie for framstillinga av laminerte stolar ved Vestlandske. Han kontakta Rolf Melseth, som då dreiv Norol-stasjonen på Aure, og fekk Melseth til å utvikle ein laminatsplittemaskin. Vestlandske Møbelfabrikk stilte kapital til rådvelde for Melseth, slik at han kunne skaffe seg det utstyret han trong. Lokale fekk han leige i det dåverande bygget til Norsk Profilforming på Aure, eit bygg som Sykkylven kommunale kraftverk har kjøpt.
I dei avgjerande omleggingsåra i 1960- og 70-åra la lokale fabrikantar vinn på å rasjonalisere og automatisere produksjonen for å bli konkurransedyktige. Fabrikantane auka produksjonsvolumet utan å tilsette arbeidarar. Denne prosessen var også [[Vestlandske Møbler|Vestlandske Møbelfabrikk]] gjennom. Tidlegare disponent ved fabrikken, [[Asbjørn Fredriksen snr.|Asbjørn Fredriksen]], såg i 1969 eit fjernsynsprogram frå ein kleshengarfabrikk på [[Mysen]] i Østfold. Der hadde dei løyst problemet med å splitte opp laminert tre i mange delar i ein operasjon. Fredriksen såg at dette kunne få mykje å seie for framstillinga av laminerte stolar ved Vestlandske. Han kontakta Rolf Melseth, som då dreiv Norol-stasjonen på [[Aure (Sykkylven)|Aure]], og fekk Melseth til å utvikle ein laminatsplittemaskin. Vestlandske Møbelfabrikk stilte kapital til rådvelde for Melseth, slik at han kunne skaffe seg det utstyret han trong. Lokale fekk han leige i det dåverande bygget til Norsk Profilforming på Aure, eit bygg som Sykkylven kommunale kraftverk har kjøpt.

Laminatsplittemaskina var ferdig første juli 1970, og den kom til å revolusjonere heile Siesta-produksjonen til Vestlandske. Tidlegare hadde bedrifta produsert 12.000 einingar pr. år ved hjelp av fire til fem mann. Etter 1970 auka produksjonen til 30.000 einingar pr. år, og til det gjekk det med berre 2/3 årsverk. Industriservice utvikla også ein andre generasjon splittemaskin. Til denne maskinen var det knytt ein mikroprosessor.

Linje 17: Linje 17:
Innehavarane av A/S Industriservice kom med ein jamn straum av rasjonaliserande produkt for ymse næringar. Som døme kan nemnast stabelmaskin for meieriindustrien med elektronisk styring og pneumatisk-hydraulisk drift og ei innretning for slakting av laks og aure, med ein kapasitet på 140 fisk i timen.

Fram til 1989 heldt Industriservice til i lokala til den nedlagde Klocks Lenestolfabrikk. I 1989 tok dei over det tidlegare Nordex-Sport-bygget på Jarnes. Bedrifta hadde i 1990 11 tilsette, og omsetninga var i 1989 8,9 millionar kroner. Svein Vikås var disponent ved Industriservice frå 1987.
Fram til 1989 heldt Industriservice til i lokala til den nedlagde [[Klocks Lenestolfabrikk]]. I 1989 tok dei over det tidlegare Nordex-Sport-bygget på Jarnes. Bedrifta hadde i 1990 11 tilsette, og omsetninga var i 1989 8,9 millionar kroner. Svein Vikås var disponent ved Industriservice frå 1987.

Kring år 2000 vart Industriservice teken over av Sandella som i dag har produksjon i bygget.
Kring år 2000 vart Industriservice teken over av Sandella som i dag har produksjon i bygget.

==Kjelde:==
==Kjelde:==
Veiledere, Administratorer
173 321

redigeringer