Industriservice

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. mar. 2014 kl. 08:53 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Industriservice''' var ein tenesteytar for den lokale industrien i Sykkylven. Bedrifta vart etablert av Rolf Melseth i 1970. Etter nokre år byrja bedrifta også å framstille eigne p...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Industriservice var ein tenesteytar for den lokale industrien i Sykkylven. Bedrifta vart etablert av Rolf Melseth i 1970. Etter nokre år byrja bedrifta også å framstille eigne produkt til fleire ulike bransjar. Mellom anna var møbelindustrien, landbruket og oppdrettnæringa målgrupper for Industriservice.

I dei avgjerande omleggingsåra i 1960- og 70-åra la lokale fabrikantar vinn på å rasjonalisere og automatisere produksjonen for å bli konkurransedyktige. Fabrikantane auka produksjonsvolumet utan å tilsette arbeidarar. Denne prosessen var også Vestlandske Møbelfabrikk gjennom. Tidlegare disponent ved fabrikken, Asbjørn Fredriksen, såg i 1969 eit fjernsynsprogram frå ein kleshengarfabrikk på Mysen i Østfold. Der hadde dei løyst problemet med å splitte opp laminert tre i mange delar i ein operasjon. Fredriksen såg at dette kunne få mykje å seie for framstillinga av laminerte stolar ved Vestlandske. Han kontakta Rolf Melseth, som då dreiv Norol-stasjonen på Aure, og fekk Melseth til å utvikle ein laminatsplittemaskin. Vestlandske Møbelfabrikk stilte kapital til rådvelde for Melseth, slik at han kunne skaffe seg det utstyret han trong. Lokale fekk han leige i det dåverande bygget til Norsk Profilforming på Aure, eit bygg som Sykkylven kommunale kraftverk har kjøpt.

Laminatsplittemaskina var ferdig første juli 1970, og den kom til å revolusjonere heile Siesta-produksjonen til Vestlandske. Tidlegare hadde bedrifta produsert 12.000 einingar pr. år ved hjelp av fire til fem mann. Etter 1970 auka produksjonen til 30.000 einingar pr. år, og til det gjekk det med berre 2/3 årsverk. Industriservice utvikla også ein andre generasjon splittemaskin. Til denne maskinen var det knytt ein mikroprosessor.

Rolf Melseth var eigar av Industriservice frå starten i 1970. Like etter fekk han med seg Kolbjørn Eide på drifts- og eigarsida. Ved sida av oppdraget til Vestlandske hadde Industriservice andre oppgåver for den lokale industrien, m.a. bygging og automatisering av spesialmaskiner.

Frå 1974 vart verksemda utvida til også å omfatte serieproduksjon av møbeldelar av stålrør. Dei skaffa seg rørbøyemaskin og auka bemanninga med tre tilsette. I samarbeid med den lokale skumplastprodusenter, Sandella, var Industriservice i denne perioden med på å utvikle møbeldelar i rør overstøypt med kaldskum. I staden for å nytte No-sag-fjører i sete og rygg på møblar fann dei ut at det gjekk like godt å nytte plastband. Til å feste banda til røra fann dei ut at det gjekk like godt å nytte plastband. Til å feste banda til røra nytta dei ein vanleg bandautomat som elles vert brukt til banding av kartongar. I dag er Industriservice sitt prinsipp godt innarbeidd på marknaden, og det er ei tidssparande og rimeleg løysing. På grunn av plassmangel vart framstillinga av møbeldelar i rør skild ut frå Industriservice i 1974. Sykkylven Rør A/S vart då skipa, og det tok over alt produksjonsutstyret og etablerte seg i Ramstaddalen. I 1989 tok Industriservice igjen hand om produksjonen av møbeldelar i rør, etter at Sykkylven Rør A/S vart avvikla.

Industriservice retta seg ikkje berre mot lokale kundar, dei hadde også oppgåver innanfor landbruksnæringa. Igjen var arbeidet deira banebrytande. I 1983 utvikla firmaet, i samarbeid med Landbrukets Forskningsinstitutt, ei direkte-såmaskin. Intensjonen var å utvikle ei maskin som kunne reparere frostskadd eng og dessutan fornye gammal eng utan pløying og harving. Interessa for denne maskina var omfattande, mellom anna på grunn av fokuseringa på jorderosjon og avrenning til vassdrag. Forsking har synt at såing av korn, spesielt haustkveite og rug, kan skje i åkeren utan pløying og harving.

I 1987 lanserte Industriservice eit produkt som retta seg inn mot havbruksnæringa, ein notvaskar. Firmaet gjekk inn ein avtale med Mobil-Oil-Norge A/S, som hadde einesalet av vaskarane i inn- og utland. I notvaskarane skjedde vasking, avfukting, desinfisering og impregnering i ein lukka trommel. Slik slapp ikkje spillvatn og avfallsprodukt ut i sjøen.

Innehavarane av A/S Industriservice kom med ein jamn straum av rasjonaliserande produkt for ymse næringar. Som døme kan nemnast stabelmaskin for meieriindustrien med elektronisk styring og pneumatisk-hydraulisk drift og ei innretning for slakting av laks og aure, med ein kapasitet på 140 fisk i timen.

Fram til 1989 heldt Industriservice til i lokala til den nedlagde Klocks Lenestolfabrikk. I 1989 tok dei over det tidlegare Nordex-Sport-bygget på Jarnes. Bedrifta hadde i 1990 11 tilsette, og omsetninga var i 1989 8,9 millionar kroner. Svein Vikås var disponent ved Industriservice frå 1987.

Kring år 2000 vart Industriservice teken over av Sandella som i dag har produksjon i bygget.


Kjelde: