Islandshøns
Islandshøns eller landnåmshøns (Mal:Isl. (íslensk) landnámshæna) er ein hønserase frå Island. Landnåmsfolket frå Noreg hadde med seg høns til Island da dei busette seg der kring slutten av vikingtida, og islandshønene har sin nærmaste slektning i den sørvestnorske jærhøna. Hønene er relativt store (kring 2 kg), med stor variasjon i kam, fjørdrakt og skinn- og fotfarge. Egga er kvite og relativt store (50–65 g). Islandshønene er hardføre og flinke til å finne sin eigen mat. Gemyttet er rolig. Dei er stabile eggleggarar og har gode rugeeigenskapar. Massiv import av kommersielle hønserasar kring 1950-åra førte til at islandshønene mesta forsvann, men frå 1970-åra og utover har det vore drive aktivt bevaringsarbeid, og det finst nokre få tusen reinrasa islandshøns i dag.
Kjelder
- Midling, Victoria: «Islandshøns» (PDF) på heimesidene til Grenland Hagehøns
- «Landnámshænan» på Islandsk Wikipedia