Islandshøns

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. okt. 2013 kl. 20:49 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>{{thumb|Haninn a Bjarteyjarsandi.jpg|«Haninn á Bjarteyjarsandi»|Kristin Sig}} '''Islandshøns''' eller '''landnåmshøns''' ({{isl.}} ''(íslensk) landnámshæna'') e...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
«Haninn á Bjarteyjarsandi»
Foto: Kristin Sig

Islandshøns eller landnåmshøns (Mal:Isl. (íslensk) landnámshæna) er ein hønserase frå Island. Landnåmsfolket frå Noreg hadde med seg høns til Island da dei busette seg der kring slutten av vikingtida, og islandshønene har sin nærmaste slektning i den sørvestnorske jærhøna. Hønene er relativt store (kring 2 kg), med stor variasjon i kam, fjørdrakt og skinn- og fotfarge. Egga er kvite og relativt store (50–65 g). Islandshønene er hardføre og flinke til å finne sin eigen mat. Gemyttet er rolig. Dei er stabile eggleggarar og har gode rugeeigenskapar. Massiv import av kommersielle hønserasar kring 1950-åra førte til at islandshønene mesta forsvann, men frå 1970-åra og utover har det vore drive aktivt bevaringsarbeid, og det finst nokre få tusen reinrasa islandshøns i dag.

Islandshøne.
Foto: «Storm»
Somme islandshøns er mesta svarte.
Foto: Ryan Zierke

Kjelder

Lenkjer