Ivar Haugen (1924–2009)

Sideversjon per 2. aug. 2016 kl. 08:27 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Forfatternett Oppland, råtekst)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

født i Sel i 1924. Men eg har budd i Trøndelag sia 1949. Dei siste 33 åra har eg budd i Stjørdal der eg har vore lærar ved Stjørdal tekniske fagskole i 22 år. Eg er utdanna ingeniør, men har praktisk erfaring frå jordbruk, skogbruk, fabrikk, verkstad, bygg og anlegg m.m.

Alle bøkene mine er på nynorsk utanom eitt avsnitt i "Før lauvet fell av" og barneboka som er skrivi på bokmål.

Dei fleste dikta i dei tre første diktsamlingene mine er for det meste stutte prosadikt og handlar om sosiale og politiske tilhøve i den tida eg har levd, og dessutan om sjølve livet slik det til vanleg artar seg for oss alle etter kvart "som åra går". I denne boka, "Som åra går", handlar dikta om menneskelivet knytta til livet i naturen slik denne endrar seg gjennom eit år. Her er det og teke med nokre dikt frå dei tre andre samlingane. (kilde: Norsk forfattersentrum)


Bibliografi: •"August-dikt". Noreg, 1974. (Dikt) •"Jeg traff en liten gutt". Snøfugl, 1978 •"Lauv under grantre". Snøfugl, 1979. (Dikt) •"Mørketid". Arbeidern forlag, 1983. (Dikt) •"Som åra går". Sollia, 1993 •"Årringar:eit festskrift til skogane". Sollia, 1994 •"Før lauvet fell av". Stjørdalen blad, 2002 •"Bureisarar". Dølaringen, 2002 •"Heimslege dikt og andre tekstar". Dølaringen, 2005. (Dikt) •"Hausttakkedikt". Dølaringen, 2007