Ivar Skøren

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ivar Skøren (fødd 11. april 1918 i Vestre Slidre, død 7. juli 1991) var ein allsidig arbeidskar som òg dreiv som bygdediktar.

Han var fødd i Sørre Skøren i Vestre Slidre, men flytta som 34-åring til Hardanger. Skøren dreiv mellom anna som snikkar, jord- og skogsarbeidar, bygdeslaktar, sløydlærar. På fritida var han engasjert i både ungdomslag og idrettslag, og han var mykje brukt som 17. mai-talar. I 2007 kom det ut eit utval av dikta hans. I forordet heiter det at «det har gange gjetord i bygda om diktinga hans, alle gode replikkar, fengjande forteljarevne og det gode humøret hans.»

Bibliografi

•"Dikt i utval frå kvardag og fest". 2007