Jarnesbåtane

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. nov. 2011 kl. 08:31 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Jarnesbåtane var frakteskuter som gjekk med møblar frå Sykkylven og kommunane rundt til Åndalsnes der dei var lasta ombord i jarnbanevogner. Opphavet til selskapet var båten Verge som ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jarnesbåtane var frakteskuter som gjekk med møblar frå Sykkylven og kommunane rundt til Åndalsnes der dei var lasta ombord i jarnbanevogner. Opphavet til selskapet var båten Verge som brørne Petter og Thomas Jarnes kjøpte i 1927. Dei første åra nytta dei båten til fiske, både til havs og i fjordane. Utover i tredveåra voks det fram mange møbelbedrifter i Sykkylven, og dei hadde ein stor del av marknaden sin austafjells. Med opninga av Raumabanen i 1924 vart Åndalsnes eit knutepunkt for gods- og persontransporten mellom Nordvestlandet og Austlandet. I åra etter nytta næringlivet på Sunnmøre i stor grad rutebåtane som gjekk til Åndalsnes for å frakte varer. Dette var ein tidkrevjande tranpsortform og det kom snart fram ønskje om ei beinveges rute frå Sunnmøre til Åndalsnes. Ei gruppe av møbelprodusentar tok ut i 30-åra kontakt med Jarnes-brørne for å få dei til å opprette ei direkterute til Åndalsnes.