John Sætre Snikkarverkstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. des. 2013 kl. 08:48 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''John Sætre Snikkarverkstad''' var ein trevareprodusent i Sykkylven. John Sætre starta bedrifta i kjellaren i bustadhuset sitt på Sætre. Frå 1950 tok han opp produksjon av enkle k...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

John Sætre Snikkarverkstad var ein trevareprodusent i Sykkylven. John Sætre starta bedrifta i kjellaren i bustadhuset sitt på Sætre. Frå 1950 tok han opp produksjon av enkle klappstolar med seglduksete til bruk i båtar. Sætre tilsette ein hjelpesmann i verkstaden, Kjell Eidsvik.

John Sætre utvikla ein sovesofa som han søkte patent på. Sjølv laga han treverket i sofaen. P.O. Jarnes Møbelfabrikk laga han ferdig og stod for salet.

Tidleg i 1950-åra tok John Sætre seg bygningsarbeid og slutta med verkstaddrifta.

Kjelde: