Jon K. Kiland (1841-1922)

Jon og Gro Kiland (H. R. Norberg, Tvedestrand)
i Kilegrend i Fyresdal var ein stor skogeigar og hadde etter kvart mange eigedomar, mellom anna Uppistog Kiland Gnr. 25/1 og Øvre Væting Gnr. 35/7. Foreldra var Kjetil Høljeson Fossheim (1797-1867) og Åse Jonsdtr. Bø (1805-1881) som kom frå Bø til Uppistog Kiland i 1855. Jon var nr. 6 av 9 sysken og tok over garden. Denne utbetra han på alle vis til å bli ein god gard. I Kilegrend var det tungvint å få handle og difor starta han ein landhandel på garden. Han var ein kunnskapsrik og framsynt skogeigar med sterkt engasjement innafor fleire sider av næringslivet og samfunnet generelt. Han var  ordførar i Fyresdal 1902-1904 og medlem av direksjonen for Fellesfløytinga etter omorganiseringa i 1903. Her gjekk han sterkt ut mot byen sine sterke interesser.

I 1885 kjøpte han øvre Væting og flytta opp dit. Der utbetra han husa og jorda mykje, starta og opp her ein landhandel. Han var då ein ser aktiv mann i det kristne arbeidet.

Væting øvre (Olav S. Nylid)

Han var initiativtakar til Fyresdal Dampskipsselskap som stod som kjøpar av D/S Fyresdal i 1876. Han la ned ein stor innsats for å få bygd ein sidebane frå Tjønnefoss stasjon på Treungbanen og opp til Kilegrend. Då ville ein kunne sleppe den vanskelege fløytinga i vassdraget. Traseen vart planlagd, det vart sikra lokal innsats, men Stortinget gjekk ikkje inn for det. I hans tid vart det gamle legdsystemet avløyst og han gjekk inn for å kjøpe garden Foldsæ i Hauggrend til fattiggard.

I 1860 åra var der ei stor vekking i Vrådal. Jon Kiland var på eit stormøte der i 1873 og då vart han omvend. Frå den dagen gjekk han fullt og heilt inn for kristent arbeid. Han hadde eit sterkt ynskje om at andre skulle få del i det nye han opplevde, og når det kom predikantar til Kilegrend, sende han dei mellom anna over til Vik i Birtedalen der kona hans var frå, for å halde møter der. Han var gift med Gro Tjøstovsdtr. Vik (1841-1919). Han kosta av eigen pengepung løn til predikantar som kom og heldt møte, og til predikantar som vart sendt ut. Etter den store vekkinga på Vegårdshei i 1880-åra slutta han seg til dei. Det vart bygd bedehus i Kilegrend, og det vart sagt at Jon Kiland kosta dette åleine, han fekk og bygd bedehus på Veum og bedehuset Betel i Folkestadbyen i sentrum.


Kjelder:

  • Lars Veum: Eit hundreår med skogbruk i Fyresdal. Fyresdal skogeigarlag 1911-2011
  • Lars Veum; Lars Veum: Kilegrend. Grenda i sør. Kilegrend Grendelag 2011.
  • Steinar Marvik: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Kristenliv i Telemark. Et festskrift ved Skien krets av Norsk Luthersk Misjonssambands 50 års jubileum av Karsten Ådna. A.S. Lunde & Co.s forlag 1955