Jordbruksvatninga på Østre Toten: Forskjell mellom sideversjoner

Ingen redigeringsforklaring
Linje 17: Linje 17:
På 1960- og 70-talet vart det gitt statstilskott til bygging av vatningsanlegg, og totningen Bengt Rognerud var statskonsulent i vatning. Dette fekk svært mykje å seia for utbygginga av vatningsanlegg på bygda. Skulle større areal vatnast, laut vatnet koma frå Mjøsa. Elver og bekkar held ikkje som vasskjelder i ein tørkesommar. Skulle andre gardar enn dei som ligg nedåt Mjøsa bruke innsjøen som vasskjelde, laut det til store investeringar, så store at det ikkje var råd å gjennomføre dei for den enkelte gardbrukaren. Ei storutbygging av åkervatning var avhengig av fellestiltak.

Vikværingane var tidleg ute.
== Vikværingane var tidleg ute ==
 
Den sandhaldige jorda i Totenvika er lettare og meir utsett for tørke enn morenejorda i andre delar av bygda. Ein stor del av gardane har strandlinje til Mjøsa. Heller ikkje for gardar utan strandlinje er det langt til fjords. Her var det ikkje nødvendig med store fellesanlegg for å få til vatning. Dei fyrste vatningsanlegga i Totenvika kom i gang alt på 1930-talet.

På Boksrud starta dei med gulrotdyrking i stor stil i 1933/34. Gulrota vart dyrka på tørkesvak sandjord. Skulle dei få brukbare avlingar, var det nødvendig med vatning. Pumpe og vatningsutstyr kom på plass. Vatnet vart pumpa opp frå Mjøsa. Dette er det fyrste vatningsanlegget for åkervatning vi kjenner til i Totenvika.
[[Boksrud (Østre Toten gnr. 10/1)|Boksrud]] starta dei med gulrotdyrking i stor stil i 1933/34. Gulrota vart dyrka på tørkesvak sandjord. Skulle dei få brukbare avlingar, var det nødvendig med vatning. Pumpe og vatningsutstyr kom på plass. Vatnet vart pumpa opp frå Mjøsa. Dette er det fyrste vatningsanlegget for åkervatning vi kjenner til i Totenvika.

Også i Panengen var dei tidleg ute med vatning. Oskar Panengen demte opp bekken som går over garden, monterte elektrisk pumpe og la ned vassledningar. Grøftene vart gravne for hand, dei var omtrent 30 cm djupe. I 1952 fekk garden nytt og større vatningsanlegg, med Mjøsa som vasskjelde.
Også i [[Panengen]] var dei tidleg ute med vatning. Oskar Panengen demte opp bekken som går over garden, monterte elektrisk pumpe og la ned vassledningar. Grøftene vart gravne for hand, dei var omtrent 30 cm djupe. I 1952 fekk garden nytt og større vatningsanlegg, med Mjøsa som vasskjelde.

Tørkesommaren 1947 førte til at fleire gjorde ålvor av vatningsplanar. På Hammastadgardane vart det kjøpt inn malmrøyr til vassledning rett etter tørkesommaren, men det tok eit par år før vatningsanlegget vart bygd. Sommaren 1949 vart pumpestasjonen nedmed fjorden stelt i stand og hovudvassledningen lagt ned. Smitborg Maskinlag stod for gravinga og John Staff var røyrleggar og hadde ansvaret både for planlegging og montering.
Tørkesommaren 1947 førte til at fleire gjorde ålvor av vatningsplanar. På [[Hammastad (Østre Toten gnr. 15)|Hammastadgardane]] vart det kjøpt inn malmrøyr til vassledning rett etter tørkesommaren, men det tok eit par år før vatningsanlegget vart bygd. Sommaren 1949 vart pumpestasjonen nedmed fjorden stelt i stand og hovudvassledningen lagt ned. Smitborg Maskinlag stod for gravinga, og John Staff var røyrleggar og hadde ansvaret både for planlegging og montering.

Tørkesomrane i 1955 og 1959 og overgangen frå husdyrproduksjon til grønsakdyrking gjorde at det vart fart på utbygginga av vatningsanlegg. Stadig fleire starta opp med grønsakdyrking, særleg lauk. Vi kan seia at vatninga i Totenvika følgde laukdyrkinga.  

Både langs Mjøsa og etter Lenaelva vart det bygd enkelte vatningsanlegg utover på 1950- og 60-talet. Somme demte opp bekkar og brukte dei som vasskjelde. Men i tørkesomrar kunne sjølv Lenaelva vera ei usikker kjelde for åkervatning. Skulle større delar av bygda få kunstig vatning, laut vatnet takast frå Mjøsa. Det var eit så stort lyft at det var nødvendig med fellestiltak.
Både langs Mjøsa og etter [[Lenaelva]] vart det bygd enkelte vatningsanlegg utover på 1950- og 60-talet. Somme demte opp bekkar og brukte dei som vasskjelde. Men i tørkesomrar kunne sjølv Lenaelva vera ei usikker kjelde for åkervatning. Skulle større delar av bygda få kunstig vatning, laut vatnet takast frå Mjøsa. Det var eit så stort lyft at det var nødvendig med fellestiltak.

Balke-Hveem jordvatning.
== Balke-Hveem jordvatning ==
Det fyrste store felles vatningsanlegget som kom i drift, var Balke-Hveem jordvatning. Ein del av gardane i området hadde i fleire år hatt vatningsanlegg med bekkar og dammar som vasskjelde. Somme hadde kjøpt vatningsvatn frå Skreia vannverk, men det botna lite i tørre somrar. Hausten 1968 starta planlegginga av eit stort felles vatningsanlegg med Mjøsa som vasskjelde. Anlegget vart bygd i 1969 og starta opp i 1970.
 
Det fyrste store felles vatningsanlegget som kom i drift, var Balke-Hveem jordvatning. Ein del av gardane i området hadde i fleire år hatt vatningsanlegg med bekkar og dammar som vasskjelde. Somme hadde kjøpt vatningsvatn frå [[Skreia vannverk]], men det botna lite i tørre somrar. Hausten 1968 starta planlegginga av eit stort felles vatningsanlegg med Mjøsa som vasskjelde. Anlegget vart bygd i 1969 og starta opp i 1970.

I 1990 fortalde Reidar Hveem om oppstarten og anleggsperioden . Heilt frå 1960 hadde det vori tala på å få til eit felles vatningsanlegg for Kvemsgardane, men fyrst utpå hausten 1968 vart det ålvor av planane:

Linje 57: Linje 59:
Balke-Hveem jordvatning dekker stort sett Balkehøgda, Nettumshøgda og dei fleste Kvemsgardane. Anlegget kan vatne omtrent 7.000 dekar. Dei fyrste åra var ikkje pumpekapasiteten større enn at medlemene laut vatne på skift. Klokka 23 skulle alle vera til stades. Dei som hadde vatna i eit døgn, skrudde att kranene sine, slik at dei som stod for tur til å vatne, kunne opne sine. Etter nokre år vart pumpekapasiteten utvida, slik at ein slapp unna denne vekslinga. I dag kan pumpene ved Mjøsa pumpe 850 m3 vatn per time opp i bassenget på Hanastad. Derifrå er det nye pumper som sørgjer for å få vatnet ut i ledningsnettet.

Mjøsregn.
== Mjøsregn ==
Mjøsregn vatningsanlegg vart stifta seinhaustes 1974. Anlegget vart bygd sommaren 1975. 1976 var fyrste driftsåret. Anlegget dekker gardane i Østlia frå Velt-Nettum til Evenrud, Starum, området rundt Nylinna, samt Vest-Kvem, Gile og Smebygardane. Frå pumpestasjonen på Gåserudstranda blir vatnet pumpa opp i eit basseng på Kile. Omtrent 3.700 dekar dyrka jord kan vatnast hos i overkant av 30 medlemer.

Da anlegget vart bygd, sa den fyrste formannen i Mjøsregn, Peder Gihle, dette om kvifor det var nødvendig med vatningsanlegg: «Det er ikke lenger marginer for dårlige avlinger, og et bomår p.g.a. for eksempel tørke er noe man må trekkes med i lange tider. Forsommertørke er en helt vanlig foreteelse også her. Kan man bli herre over den svært viktige produksjonsfaktor som nedbøren utgjør, ville meget være vunnet». I 1976 var det tørkesommar på Toten, men utpå sommaren kom Mjøsregn i drift, og det redda avlinga for dei omtrent 30 gardbrukarane som var med i anlegget. I følgje eit oppslag i Oppland Arbeiderblad 27. november 1976 hadde Mjøsregn gitt medlemene ei ekstra avling som var verd omtrent 400.000 kroner dette året.
Mjøsregn vatningsanlegg vart stifta seinhaustes 1974. Anlegget vart bygd sommaren 1975. 1976 var fyrste driftsåret. Anlegget dekker gardane i [[Østlia (Østre Toten)|Østlia]] frå Velt-Nettum til [[Evenrud (Østre Toten)|Evenrud]], [[Starum]], området rundt [[Nylinna (Østre Toten)|Nylinna]], samt Vest-Kvem, [[Gile (Østre Toten)|Gile]] og [[Smeby (Østre Toten)|Smebygardane]]. Frå pumpestasjonen [[Gåserud (Østre Toten)|Gåserudstranda]] blir vatnet pumpa opp i eit basseng på [[Kile (Østre Toten)|Kile]]. Omtrent 3.700 dekar dyrka jord kan vatnast hos i overkant av 30 medlemer.

Hoff vatningsanlegg.
Da anlegget vart bygd, sa den fyrste formannen i Mjøsregn, Peder Gihle, dette om kvifor det var nødvendig med vatningsanlegg: «Det er ikke lenger marginer for dårlige avlinger, og et bomår p.g.a. for eksempel tørke er noe man må trekkes med i lange tider. Forsommertørke er en helt vanlig foreteelse også her. Kan man bli herre over den svært viktige produksjonsfaktor som nedbøren utgjør, ville meget være vunnet». I 1976 var det tørkesommar på Toten, men utpå sommaren kom Mjøsregn i drift, og det redda avlinga for dei omtrent 30 gardbrukarane som var med i anlegget. I følgje eit oppslag i ''[[Oppland Arbeiderblad]]'' 27. november 1976 hadde Mjøsregn gitt medlemene ei ekstra avling som var verd omtrent 400.000 kroner dette året.
Hoff vatningsanlegg vart stifta hausten 1984. Anleggsarbeidet kom i gang same hausten. Sommarhalvåret 1985 gjekk med til bygginga. 27. juni 1986 vart anlegget offisielt opna av ordførar Helge Røragen. Med 62 medlemer og eit vatningsareal på omtrent 11.000 dekar, er dette det største felles vatningsanlegget i landet. Anlegget dekker området vest og nord for Mjøsregn, avgrensa av Hekshuselva, grensa mot Vestre Toten og Kolbu, og Lenaelva. På sørsida av Lenaelva er Majer og Skjefstad med i Hoff vatningsanlegg.

Anlegget tek inn vatnet i Nordvika på Lierstranda, rett nord for Mjølkefabrikken på Kapp. Inntakskummen ligg ca 150 meter ute i Mjøsa. Derifrå går vatnet til pumpestasjonen, som har ein kapasitet på 1.020 m3 vatn per time. Pumpene lyfter vatnet godt og vel 160 meter til høgdebassenget på Kapphøgda, rett vest for nye riksveg 33. Derifrå går vatnet ut i to høgtrykkssonar og ein lågtrykkssone. Vatnet som blir pumpa austover, mot Li og Apelsvoll, og vestover mot Sodstadøgarden og Serstad har eit trykk på ca 10 kg. Vatnet som går sørover og nedover til området rundt Lena og Kraby har eit trykk på ca 5 kg.  
== Hoff vatningsanlegg ==
 
Hoff vatningsanlegg vart stifta hausten 1984. Anleggsarbeidet kom i gang same hausten. Sommarhalvåret 1985 gjekk med til bygginga. 27. juni 1986 vart anlegget offisielt opna av ordførar [[Helge Røragen]]. Med 62 medlemer og eit vatningsareal på omtrent 11.000 dekar, er dette det største felles vatningsanlegget i landet. Anlegget dekker området vest og nord for Mjøsregn, avgrensa av [[Hekshuselva]], grensa mot [[Vestre Toten]] og [[Kolbu]], og Lenaelva. På sørsida av Lenaelva er [[Majer (Østre Toten)|Majer]] og [[Skjefstad (Østre Toten)|Skjefstad]] med i Hoff vatningsanlegg.
 
Anlegget tek inn vatnet i Nordvika på Lierstranda, rett nord for [[Kapp mjølkefabrikk|Mjølkefabrikken]] [[Kapp]]. Inntakskummen ligg ca 150 meter ute i Mjøsa. Derifrå går vatnet til pumpestasjonen, som har ein kapasitet på 1.020 m3 vatn per time. Pumpene lyfter vatnet godt og vel 160 meter til høgdebassenget på [[Kapphøgda]], rett vest for nye riksveg 33. Derifrå går vatnet ut i to høgtrykkssonar og ein lågtrykkssone. Vatnet som blir pumpa austover, mot Li og [[Apelsvoll]], og vestover mot Sodstadøgarden og [[Serstad (Østre Toten)|Serstad]] har eit trykk på ca 10 kg. Vatnet som går sørover og nedover til området rundt [[Lena]] og [[Kraby]] har eit trykk på ca 5 kg.  

Inntaket i Mjøsa ligg 122 meter over havet, dammen på Kapphøgda 283 m.o.h. og det høgaste punktet for vatning ca 400 m.o.h.
Inntaket i Mjøsa ligg 122 meter over havet, dammen på Kapphøgda 283 m.o.h. og det høgaste punktet for vatning ca 400 m.o.h.

Nordlia.
== Nordlia ==
 
Det felles vatningsanlegget i Nordlia vart bygd paralelt med Hoff. Anleggsarbeidet starta hausten 1984 og 1986 var fyrste vatningssesongen. I utgangspunktet hadde det vori tanken at Nordlia skulle vera ein del av Hoff, men det viste seg å bli så kostbart å krysse Hekshuselva med ein hovudledning, at det ville lønne seg å ha eit eige anlegg. Derfor organiserte dei ti interessentane i Nordlia seg i Nordlia vatningsanlegg hausten 1984.

Nordlia vatningsanlegg dekker området mellom Hekshuselva og Grosetdalen. Inntaket for mjøsvatn ligg på Olderholtstranda og høgdebassenget på Jørnset, 277 m.o.h.
Nordlia vatningsanlegg dekker området mellom Hekshuselva og Grosetdalen, altså gamle [[Bjørnsgård skole]]krets. Inntaket for mjøsvatn ligg på Olderholtstranda og høgdebassenget på [[Jørenset]], 277 m.o.h.

Utanom fellesanlegget har fleire av gardane i grenda som grensar til Mjøsa, eigne vatningsanlegg.
Utanom fellesanlegget har fleire av gardane i grenda som grensar til Mjøsa, eigne vatningsanlegg.

Vatn frå Mjøsa.
== Vatn frå Mjøsa ==
 
Av eit samla jordbruksareal på om lag 110.000 dekar på Østre Toten, er det rundt 40.000 dekar som kan vatnast av fellesanlegga og enkeltanlegga på bygda. Alle vatningsanlegga har Mjøsa eller bekkar og elver som renn ut i Mjøsa, som vasskjelde. Kva har så jordbruksvatninga å seia for vasstanden i innsjøen? Vi kan illustrere det med eit enkelt reknestykkje. Mjøsa dekker ei flatevidde på 369.480 dekar. Dersom vi går ut frå at heile arealet som kan vatnast på Østre Toten får ei rotbløyte på 30 mm med vatn frå Mjøsa og tilførslane til Mjøsa, vil vasstanden i Mjøsa minke med 30 x 40.000 : 369.480 mm. Det blir ca 3,3 mm. Men ettersom heile det arealet som blir vatna ligg i nedslagsfeltet åt Mjøsa, vil storparten av vatnet som blir spreidd utover åkrane hamne i innsjøen att, med tid og stunder.

Det er ikkje berre jordbruksvatning mjøsvatnet blir brukt til. Dei fleste kommunane rundt innsjøen tek drikkevatn frå Mjøsa. Østre Toten kommunale vannverk har inntaket sitt på 200 meters djup utanfor Billerud. Kvart år pumpar vassverket opp 2,5-3 millionar m3 vatn og leverer til husstandar og bedrifter over heile Østre Toten og ein del av Vestre Toten. Til samanlikning tok Balke-Hveem jordvatning åleine opp 0,75 millionar m3 vatn frå Mjøsa tørrsommaren 1976.  

Den einaste brukaren av mjøsvatn som har stilt spørsmål ved jordbruksvatninga, er Glommens og Laagens Brukseierforening. Brukseigarforeininga har konsesjon på regulering av Mjøsa for å ha vatn til kraftproduksjon i kraftstasjonane i Vorma og Glomma frå Minnesund til Fredrikstad. Etter kvart som det vart bygd ut fleire store jordvatningsanlegg rundt Mjøsa, tok brukseigarforeininga til å setja spørsmålsteikn ved forholdet mellom Mjøsa som reguleringsmagasin for kraftproduksjon og Mjøsa som kjelde for jordbruksvatning.  
Den einaste brukaren av mjøsvatn som har stilt spørsmål ved jordbruksvatninga, er [[Glommens og Laagens Brukseierforening]]. Brukseigarforeininga har konsesjon på regulering av Mjøsa for å ha vatn til kraftproduksjon i kraftstasjonane i [[Vorma]] og [[Glomma]] frå [[Minnesund]] til [[Fredrikstad]]. Etter kvart som det vart bygd ut fleire store jordvatningsanlegg rundt Mjøsa, tok brukseigarforeininga til å setja spørsmålsteikn ved forholdet mellom Mjøsa som reguleringsmagasin for kraftproduksjon og Mjøsa som kjelde for jordbruksvatning.  

Vi skal sjå litt på forholdet mellom Mjøsregn vatningsanlegg og brukseigarforeininga. Medan Mjøsregn var på planleggingsstadiet, tok dei kontakt med brukseigarforeininga og spurde om regulanten hadde innvendingar mot tiltaket. Dei fekk muntleg svar at det ikkje ville by på problem for brukseigarforeininga. Dessutan ville ein stor del av vatnet som vart spreidd ut på jorda renne attende til Mjøsa. Men regulanten skifta raskt meining. 16. februar 1977 fekk Mjøsregn brev frå Glommens og Laagens Brukseierforening, som varsla at dei vurderte å krevja ei vassavgift frå vatningsanlegga som tok vatn frå Mjøsa. Andre vatningsanlegg fekk same beskjeden. Det vart kalt inn til eit møte på Ringsaker, og dei to fellesanlegga som var bygde på Østre Toten på den tida, engasjerte advokat til å hjelpe seg med det juridiske ved saka. Resultatet vart at brukseigarforeininga ikkje kom med noko krav om betaling for mjøsvatn.

Vatning frå Lenavassdraget.
== Vatning frå Lenavassdraget ==
 
Langsetter Lenaelva er det mange som tek vatningsvatn, frå ytst uti Kolbu til elva renn ut i Mjøsa i Sundvika. Bergsjøen er regulert for å sikre nok vatn, både til fisken i elva og til vatningsanlegga.

Da Lensbygda vannverk vart lagt ned, tok Riselva vatningslag over vatnet. Myrsjøen, Laupen og Skjærsjøen er regulerte for å sikre vassføringa i Riselva.   
Da Lensbygda vannverk vart lagt ned, tok Riselva vatningslag over vatnet. Myrsjøen, [[Laupen]] og Skjærsjøen er regulerte for å sikre vassføringa i Riselva.   

Vi kan rekne med at 50-60 gardar tek vatningsvatn frå Lenaelva med sideelver og bekkar.
Vi kan rekne med at 50-60 gardar tek vatningsvatn frå Lenaelva med sideelver og bekkar.

Vatningsanlegga og jordbruket på Østre Toten.
== Vatningsanlegga og jordbruket på Østre Toten ==
 
Utbygginga av vatningsanlegga var ein del av den store omlegginga jordbruket på Østre Toten gjekk gjennom frå rundt 1950 og tre-fire tiår framover. Samtidig som det vart færre husdyrprodusentar, vart det meir korndyrking og grønsakdyrking. Omlegginga til grønsakproduksjon hadde knapt vori mogleg utan at det hadde vorti bygd vatningsanlegg. Større satsing på dyrking av matkveite hadde heller ikkje gått an utan vatning. I dag er det nesten ikkje att mjølkeprodusentar i dei områda som blir dekte av dei fire store fellesvatningsanlegga.  

Linje 103: Linje 111:
I landssamanheng er vatningsanlegga på Østre Toten unike. I 2010 var 435.000 dekar jordbruksareal dekt med vatningsanlegg i Noreg.  Av det stod Østre Toten åleine for ca 40.000 dekar, eller om lag 9% av samla vatna areal i landet.

Fellesvatningsanlegga på Østre Toten:
== Fellesvatningsanlegga på Østre Toten ==
 
(TABELL)
 
Balke-Hveem Mjøsregn Hoff Nordlia
Balke-Hveem Mjøsregn Hoff Nordlia
Fyrste vatningssesong 1970 1976 1986 1986
Fyrste vatningssesong 1970 1976 1986 1986
Linje 114: Linje 125:
Nedgravne røyr 32 km Ca 30 km Ca 65 km Ca 15 km
Nedgravne røyr 32 km Ca 30 km Ca 65 km Ca 15 km

== Kjelder og litteratur ==

Upubliserte skriftlege kjelder:
Upubliserte skriftlege kjelder
40 år med vatning. Beretning fra Balke-Hveem jordvatning SL, 2010
40 år med vatning. Beretning fra Balke-Hveem jordvatning SL, 2010
Driftshandbok for Hoff vatningsanlegg
Driftshandbok for Hoff vatningsanlegg
Veiledere, Administratorer
173 140

redigeringer