Juvland Bakeri

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. jan. 2023 kl. 13:55 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «kategori:Næringsliv» til «»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Juvland Bakeri på 1940-talet.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Juvland Bakeri vart starta i 1939 av brørne Olav og Eivind Juvland. Bakeriet heldt til på Rauland og baka hovudsakleg brød og småkaker som vart distribuert til handelsmenn i Øyfjell, Ytre Vinje og på Rauland. Bakeriet hadde i tillegg ein liten detaljhandel der bakevarene vart solgt.

Dei to bakerane som vart sysselsett i bakeriet baka om lag 500 brød og 2-3000 småkaker per dag. Bakeriet hadde bil med eigen sjåfør som vart nytta til å levere bakevarer til kundane.

Olav og Eivind Juvland.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs., Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.