Karl Ramstad Lenestolfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. okt. 2013 kl. 07:15 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Karl Ramstad Lenestolfabrikk''' var ein møbelprodusent i Sykkylven. Bedrifta vart, som mange andre lokale møbelbedrifter, starta opp under siste verdskrigen. Karl Ramstad fekk skø...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Karl Ramstad Lenestolfabrikk var ein møbelprodusent i Sykkylven. Bedrifta vart, som mange andre lokale møbelbedrifter, starta opp under siste verdskrigen.

Karl Ramstad fekk skøyte på eit stykke av Aurebøen i 1915. Kort tid etter førte han opp bustadhus på tomta. Det var i kjellaren på dette huset han på sine eldre dager starta lenestolproduksjon. Han kom i gang tidleg under krigen, og i 1943 disponerte han over ein arbeidsstyrke på sju personar.

Verksemda minka noko inn i etterkrigsåra, men Karl Ramstad kunne syne fram positive driftsresultat heilt fram til han døydde i 1955. Då var det fem tilsette.

Etter 1955 sto kona til Karl, Karoline, som eigar nokre år, før drifta vart avvikla.

Kjelde: