Kjeldearkiv:Fimbul nr 26 - 2008: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 479: Linje 479:

=== Fem fortellinger frå Ofoten om godbonden ===
=== Fem fortellingar frå Ofoten om godbonden ===
''av Kjellrun Kr. Trohaug''

'''Inneleiing. Kven er godbonden?'''

Godbo'n er eit sjøvette som etter folketrua i Nord-Norge, heldt til langs kysten i gamle dagar. Han har noko til felles med gardsnissen eller gardvoren i jordbruksmiljø. Han vil folk vel, og varslar gjerne om uver og ulykke på havet på ein positiv måte. Han er venlegsinna og åtvarar folk mot uvêr og uhell, i motsetnad til draugen, som berre varslar forlis og elende. Godbo'n gjev hell og godt fiske. Han er ein kar som likar kvalitet, og set pris på dyktige fiskarar og sjøfolk. Ein båt som har godbo'n om bord er ein god sjøbåt og fiskar godt.

Eg har skrive ned fem forskjellige fortellingar om "observasjon" av godbo'n i Ofotområdet. Tre har eg etter onkel min, Sigurd Slettebakk, som sjølv dreiv fiske og hadde eigen båt. Han snakka eg med midt på 1960-talet. Ei forteljing som er ein variant av ei av Sigurd Slettebakk (fødd 1903) sine, har eg skrive ned slik eg minnest ho etter bestefar min, Konrad Karlsen, som var fødd i 1871 på Tjelde i Ballangen, men var busett i Slettebakkan eller Orneset i Dragvika frå 1901. Då eg ville ha han til å fortelje frå gamle dagar, sa han ein gong: "Nei, eg er ikkje overtruisk, men han Sigurd, sønnen min, han er overtruisk."

'''Kva tid godbo'n kom om bord i båten. Etter Sigurd Slettebakk.'''

Eg har hørt godbo'n om bord mang gong, natt som dag. Han kunne arbeide i rommet eller andre steds, men eg har aldri sett han. Godbo'n veit eg godt ka tid han kom om bord i båten våres. Det var i Torvund i Sognefjorden, der vi fekk båten(1) bygd i 1950. Eg såg han ikkje, men eg hørte at han kom. Det var om natta. Han gjekk direkte i rommet. Det var like før båten var ferdig. Det er ikkje alle båtar som har godbo'n. Han likar best gode sjøbåtar, og går ikkje om bord i all slags rask.

(1)Det var ein 70 fots trebåt som fekk namnet Vesle-Påik, og som var den største fiskebåten i Evenes på 1950-talet. Sigurd Slettebakk og Hemming Kristoffersen frå Bogen eigde båten.

'''Kor han gjorde av seg i båten?'''

I ein stor båt som våres, som var på 70 fot, var det mang slags steds å gjere av seg for ein liten kar som godbo'n - især i maskinrommet, kanskje. Godbo'n kunne òg vere i småbåtar. I gammelbåten heime(2) hørte eg mange gonger at godbo'n ordna og la på årane og fløtta på linstampane.

Korleis han såg ut? Han var ein liten, støtt gubbe, men eg har aldri sett han. Eg har berre hørt han, at han har arbeidd, og at han har varskudd om uver og ulykker. Det er andre som har sett han. Han Hemming Larsa var frå Kilstad på Tjeldøya, og onkelen min. I 1933 såg han onkel Hemming at godbo'n gjekk i land på Ankenes, frå sjarken de hadde. De var der inne i fjorden og henta nokka råved(stenger) og æser til fiskehjellar. Etter at de hadde sett at han gjekk frå borde, sa han Hemming: "Det e ikkje sekkert kor lenge han flyt, dennan her." Han meinte sjarken, for godbo'n visste når ein båt skulle førlise, derfor gjekk han i land. At han forlot båten, var ikkje nokka godt tegn, heller tvert om. I 1935, om våren, l. mai, rak båten i land på Breivikskjæret(3) i sydvestkuling.

(2)Slettebakkan i Dragvika, der Natokaia no ligg.

(3)I Breivika på Tjeldøya.

'''Godbo'n varskudde på hamna i Hamnes i Ofoten. Etter Sigurd Slettebakk.'''

"Sjøskummaren" låg godt fortøyd på hamna i Hamnes i Ofoten. Det var ei seilskute som kjøpte og salta fesk under Lofotfesket. Mannen som eide båten heitte Hansen, men de kalte han før Nattrøy-Hansen, ja, før det at han gjekk i ei rød nattrøya. Han var feskekjøpar og nokså gjerrig. No låg båten på Hamneset. Han blei sydvestkuling straks før jul. Det måtte vere i 1925 eller der omkring. Kulingen fall inn Ofoten, så det var ganske god rulling på Vestfjorden. Då blei godbo'n sett om bord i skuta i frå land. Det var endå han Margidon(4) og han Martin Karlsa som såg han. Han gjekk på dekk mellom ankerspellet og ruffen akterut, fram og tilbake, uavlatelig.

Uvêret raste, og han var så sterk, at fleire mann stod klar til å ro om bord for å stikke kjetting - det er å gjere den utabords kjettingen lenger. Men det var sånn rokk at de klarte det ikkje. De såg at godbo'n, gjekk, att og fram, heile dagen med det var lyst. For han var redd for at båten skulle gå ned, eller reke på land. Andre dagen løydde vinden, så folk kom seg om bord, men då såg de han ikkje meir. Han var attmed ankerspellet, før at de på land skulle sjå at no måtte de komme og stikke kjetting.

Godbo'n er ikkje nokke til arbeidskar, så han kunne ikkje klare det sjøl, så han varskudde berre folk som var i land. Han var ein liten støtt, gubbe.

(4)Margidon Forsbakk frå Tjelde, han var søskenbarn til Sigurd Slettebakk.

'''Godbo'n om bord i galeasen "Fritjov". Etter Sigurd Slettebakk'''

Han Steen på Øksnes såg godbo'n om bord i galeasen "Fritjov". Far var mann om bord. De kom ifrå Kristiansund og hadde søkt hamn sørom Bodø. Det var rokkhav. Mange fartøy hadde tørna der før natta. Båten var frå Steinsgam i Lødingen. Det var tidlig om morran straks før jul. De hørte at alle hiva. No var det finvêr og god bør, og de måtte berre seile, før å nå heim til jul. Oppå kahyttruffen stod han Steen og kommanderte. Då såg han ein liten mann på om lag ein meter med ein bylt under armen. Han gjekk først opp på nagelbenken, og så opp på rekka, for han var så liten at han rekte ikkje opp.

Då varskudde han Steen at de skulle slutte å hive. De skulle tøye for sydvesten. "Men de andre seiler jo," sa mannskapet, "vi rekk ikkje fram til jul." "Å, det skal det vel bli ei råd med," svarte han.

Ti fartøy gjekk ned i Vestfjorden den natta. Rokksøyla la galeasen over, så rekka låg i sjøen, endå den låg på smule hamna, og der ikkje var sjø. Steen sa at han håpte no berre at godbo'n kom om bord igjen ved eit anna høve. Han kom òg om bord igjen, seiest det, men det såg han ikkje. Han trudde at han kom om bord igjen på sørtur året etter, då de var innom same hamna.

Eg har same fortellinga i ein litt annan variant, slik eg minnest han, men opphavsmannen er den same, nemlig Konrad Karlsen, Slettebakk.

'''Godbo'n går i land på Grøttøya. Etter Konrad Karlsen.'''

Bestefar min fortalte denne historia om då godbo'n gjekk i land i Grøttøya. Han var sjølv mannskap om bord i båten. Det var like før jul på 1890-talet ein gong. Båten kom sørfrå etter å ha levert fiskelast. De tok hamn i Grøttøya, før der brukte de å ligge natta, sånn at de fekk morran med seg, på seilasen over Vestfjorden til Lødingen.

Det låg mange båtar på hamna den natta. De tørna tidlig ut neste morra, og skipperen stod på kahyttruffen og kommanderte. Med eitt stussa han. Han såg ein liten, gråkledd kar som kom gåandes hastig attover dekket med ein liten bylt under armen. Han trødde opp på nagelbenken og greidde så vidt å skreve over rekka, og blei borte på den andre sida. "Slutt å hiv, stekk kjetting!" ropte skipperen plutselig. Folket protesterte, de ville heim til jul. Og kameratbåtane heiv anker og skulle seile over fjorden. "Slutt å hiv, stekk kjetting!" gjentok han skarpar i stemmen. De måtte ly skipperen, og let ankeret gå til botns igjen, og blei liggandes for anker i Grøttøya ei natt til.

Den dagen var det fleire båtar som forliste i uvêret på Vestfjorden, og mange mann omkom. Neste morra tok de laust og seilte over fjorden i god bør, og rekte akkurat heim til jul med varane.

'''Godbo'n varsla uvêr'''

Denne forteljinga har eg også etter bestefar min, Konrad Karlsa:

Under vinterfeske i Lofoten rodde dei før Aust-Lofoten, og hadde søkt hamn før kvelden. Mange båtar låg tett i tett innover vågen. Ein kunne gå tørrskodd frå båt til båt. Det var vasskaldt og sny i luften.

Alle var gått til ro i lugaren etter eit slitsamt sjyvêr. Plutselig hørte han Sigurd at nokon gjekk over dekk og tok til å rasle kraftig med ankerkjettingane. Han syntes det var underlig, og undra seg over kven som tok seg til rette i annen manns båt. Han trekte buksa på seg, stakk føtene i trebotningane, og stakk hauet ut av lugarkappa. Merkeleg nok var der ingen å sjå, verken fremmede eller kjente. Det låg eit lett lag nysny over dekk, men det var ikkje spor å sjå etter dei som hadde gått over båten. Då han såg opp i lokta, för det ein skydott hastig over himmelen. Det varsla uvêr. Han fekk tørne dei andre av mannskapet. De heiv anker så fort dei greidde, og kom seg ut av mølja på hamna, før stormen kom med eit overhendig uvêr.

Fleire båtar fekk store skadar eller blei nedbrøtne inne på hamna, rett attmed land. Våres båt var heldig, for det var godbo'n som hadde varsla stormen, så de berga båt og bruk den gongen.

=== Andressengården/Bergviknes ===
=== Andressengården/Bergviknes ===
=== Tidsbilde fra 1879 og 1881 ===
=== Tidsbilde fra 1879 og 1881 ===
3 340

redigeringer