Kjeldearkiv:Ola Strond

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. okt. 2012 kl. 10:46 av Frode Rolandsgard (samtale | bidrag) (Ny side: Denne artikkelen er frå Tidsskrift for Valdres historielag 1934. Olav Moe har skrivi eit stykke om spelemannen Ola Strond frå Vang i Valdres. Lenger ut i tidsskriftet har Knut Hermunds...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Denne artikkelen er frå Tidsskrift for Valdres historielag 1934. Olav Moe har skrivi eit stykke om spelemannen Ola Strond frå Vang i Valdres. Lenger ut i tidsskriftet har Knut Hermundstad skrive utfyllande om same spelemann. GAMLE SPELMENN OLA STROND

Da hardingfela — den norske fela — i det 17de hundradåret fekk form og utstyr som norsk nasjonalinstrument med understrenger og sers tilmata overstrenger og felestille med klangfarge for dei ymse tonestykke, var Valdres av del bygdelag som fyrst eigna til seg det sermerkte instrumentet. Folketonane, som fyrr var tolka ved stut, lur, fløyte og ymse harpeformer, fekk ved hardingfela meir fullkomen utforming. Valdres hadde ogso av dei beste spelemenner heilt fra fyrst av — sers øvre Valdres. Stor framgang fekk folkemusikken med Jørn Hilme fra Solabu (Ulnes), som gav slættane finare form og rikare innhald.

Ein av dei fremste spelemenner i Valdres var Ola Strond frå Vang — Søynin dei kalla han, etter at han vart bonde pa Søyne. Han var av lærlingane til Krøsshaugen, som hadde slåttane etter Jørn Hilme. Ola Strond var av dei spelemenner som skapte eigen, personleg form i spelet sitt og ikkje gav seg med berre å spela «grammofon» etter andre.

Klart, sterkt og godt markert, med utifra stød, kraftig bogeføring, verka spelet breidt og fulltonande. Småkrotingi som Krøsshaugen var slik kar til å laga og nytta seg av, brydde Stronden seg mindre um. Det var den raude tråd, grunntonen, han vilde hava klart fram. Og det makta han til fullnads — ofte betre enn som godt var. Han hadde lært notespel, og det er farleg for ein hardingfelespelemann.

Som so mange av dei hadde ogso Stronden lett for a ofra særdåmen og ornamentikken i spelet til bate for stil og «skule». Men kom han fyrst i rett lune, so song samspelet greidt og ekte. Han var ein heilstøypt person og ekte musikkar. Difor verka han kanskje noko anleis enn ein var van med i samanlikning me slike som Krøsshaugen, Teigstolen og Knut Ringestad; dei hadde meir av Hilmedæmen over spelet sitt.

Personleg fekk eg ikkje høyre Stronden fyrr han var gamal og nedfor. Det var eit stort folkemøte i Vang i 90-åri. Saman med mange andre slidringar var ogso eg der. Ein god kjenning, som ogso var spelmann, Jens Ringestadbergene, tente den tid pa Søyne og fortalde meg um Stronden og spelet hans. Og med gode ord og lempor vart det ordna so at nokre av oss fekk koma til Søyne kvelden etter stemna. Gamlen var gjengen tilsengs da me kom. Men so snart han merka det var kome utanbygds spelmann tilgards, og tilmed høyrde feleom i huset, var det ikkje lenge fyrr han var på føtene att. Og ved eit par drammar, godprat og spel tok han snart sjø1v fela. Ein kunde rett nok merke at åri tyngde på bogen, kasti vart stivare og den tendande dam kom ikkje so godt fram; men det var ikkje vondt a skyna at den karen hadde havt makt i spelet sitt og makt over folket som høyrde han. For meg vart det ei minnerik natt.

Av slåttar, eg lærde av han den natti, var Gridhamaren, St. Tomasklokkeslåtten og Hulebakken, klagesongen då eventyrguten i Hydale vart fanga og avstraffa med livet som innsats. Det som sterkast verka på meg, og som eg alltid hev freista å halda fast på i spelet mitt, var den store, runde tonen med den breide klangen, og det at sjø1ve melodien måtte haldast høgt upp over harmonitonane jamvel i dubbeltgrip og andre små utstafferingar i spelet.

I det synte Ola Strond ny veg i folkemusikken.

/ Olav Moe.