Kjell Løseth

Kjell Løseth (f. 1942) er pedagog, lokalpolitikar og kulturarbeidar frå Sykkylven. Ved sida av yrket sitt som lærar og skuleadministrator har han gjennom ei årrekkje engasjert seg mykje i frivijug kulturarbeid både i heimkommunen og utanfor. Han sat i fleire år i kommunestyre og formannskap for Senterpartiet.

Kjell Løseth er fødd og oppvaksen i Ramstaddalen. Etter gjennomført ungdomsskule, flytte han til Nordfjordeid der han gjekk det toårige gymnaset. Så hadde han ein periode som vikarlærar i Sykkylven og på Giske. Deretter reiste han til Oslo der han studerte psykologi i seks år. Interessen for læraryrket var tent gjennom åra som vikarlærar, så etter fullført psykologiutdanning tok han lærareksamen, spesialpedagogikk og leiarutdanning ved Lærarhøgskulen i Volda. Han starta som lærar ved Dyrkorn skule i Stordal. Etter nokre år der, flytta han heim til Sykkylven og tok til som lærar ved Aure skule.

Etter ei tid som lærar, byrja han ved skulekontoret i Sykkylven kommune. Først hadde han ein periode som pedagogisk konsulent, før han vart tilsett i stillinga som skulesjef i Sykkylven. Denne stillinga hadde han til han nådde pensjonsalderen.

I nokre år var Løseth kontaktmedarbeidar for NRK i Møre og Romsdal. Han var i fleire periodar kommunestyrerepresentant for Senterpartiet og sat også i formannskapet. Han var leiar i plannemnda då kommunen frå slutten av 1980-åra førebudde bygging av nytt pleie- og omsorgssenter. Kjell Løseth har allsidige kulturelle interesser, og har særleg vore oppteken av lokal og regional kulturhistorie. Ein periode var han leiar i Sykkylven sogenemnd. I hans periode som leiar byrja sogenemnda å gje ut Årbok for Sykkylven. Her har Kjell Løseth vore med i redaksjonen og han har vore fast bidragsytar av artiklar til Årboka. Frå 2014 har Kjell Løseth vore leiar i kulturorganisasjonen Storfjordens Venner.

Kjell Løseth har dei siste åra vore busett i Straumgjerde, der han er sambuar med pedagogen, dirigenten og kulturarbeidaren Hilde Straumsheim. Saman med henne har han vore nøkkelperson i Straumgjerderevyen, både som tekstforfattar og skodespelar. Han er også aktiv i den lokale foreininga av Lions.

Kjell Løseth har sysla både med lyrikk og måling. I 2016 gjennomførte han si første utstilling med eigne arbeid, saman med sambygdingen Marit Ramsevik.

Kjelde:

  • Sykkylvsbladet 18.3.2016