Kjetil Fjellheim

Kjetil Fjellheim var son av Aslak Fjellheim og Bergit Kvipt. Han var fødd og oppvaksen på Fjellheim i Birtedalen 27 Juli 1915. Han vart utdanna møbelsnikkar ved skulen til Gro Kvipt, og rundt 1935 byrja han å jobbe på Skreosen Høvleri L/L saman med kameraten Sigmund Tovslid, som og gjekk i lære hjå Gro. I 1940 var han eit år i Setesdal og jobba på eit sagbruk, for så deretter i 1944 flytta han heim til Birtedalen der han tok over Kvipt. Han byrja sagbruk, Kvipt Sagbruk som låg i Laugkilen nedanfor Nigard Kile. Han hogde også tømmer og dreiv gard. Han gifta seg i 1944 saman med Anna Therese Storbekkli frå Gjøvdal, og fekk tre gutar i lag, Aslak Fjellheim f.1944, Åsmund Kvipt f. 1950 og Kjell Fjellheim f. 1956. Under krigen var han kurer for Kompani Linge, og var svært aktiv med Operasjon Varg. I 1964 bygde dei nytt hus i sentrum av Fyresdal, og budde der til han døyde, 16 august 1976.

Kjetil sitt legitimasjonskort frå 1941.
Kjetil på ein NSU 100ccm ca 1940. Biletet er teken nedanfor Vestre Tovslid.