Kompassrose

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Ei kompassrose som kulturminne er ein kompassfigur rissa inn på ei bergflate. Kompassroser finst ei rekkje stader langs norskekysten, særleg i tilknytning til gamle hamner. Dei fleste ser ut til å skriva seg frå 1600- og 1700-talet, men det blei også laga kompassroser både før og etter denne perioden. Olaus Magnus nemner såleis ei kompassrose på ei øy i Nordishavet i sitt historieverk om dei nordiske folka frå 1555. Han daterer denne kompassrosa til slutten av 1400-talet.

Kva funksjon hadde kompassrosene? Den funksjonelle forklaringa går ut på at kompassroser på utkikkspukt vart nytta til å peila inn retningen mot skip til havs. Det dreidde seg om fartøy som enno ikkja var synlege sett frå havnivå. Særleg for losar ville dette vera nyttig. Hard konkurranse om losoppdraga medførte at det var viktig å få auga på skip som nærma seg kysten så tidleg som mogeleg. Andre som kan ha hatt nytte av kompassroser, er til dømes militære vakter og kaperar.

Ei slik funksjonell forklaring gjeld likevel ikkje alle kompassrosene, sidan ein del finst på stader som ikkje kan ha vore utkikkspukt. Ei kompassrose på Holmen i Berrefjord i Vest-Agder skal i følgje lokal tradisjon ha blitt rissa inn av sjøfolk som forliste i nærleiken, medan ei kompassrose i Rasvåg på Hidra blir knytta til eit bryllaup. Det kan såleis sjå ut som kompassroser også vart til meir tilfeldig som tidsfordriv. Dette blir støtta av at ein somme stader finn andre innrissa figurar ved sida av kompassrosene. Det dreier seg til dømes om riss av fartøy, initialar og årstal.

johan Anton Wikander har gjort ein stor innsats for å registrera og granska kompassroser, og Vest-Agder fylkeskommune har gjennomført eit registreringsprosjekt i fylket.