Kongebileta i Vest-Telemark

Sideversjon per 26. jan. 2012 kl. 07:37 av Aslak Kittelsen (samtale | bidrag) (→‎Fotografi av kongebileta i Moland kyrkje: endra til dublett etter forfatters ønske)

I Moland kyrkje i Fyresdal er det ein interessant serie med kongebilete. Dei er fyrst nemnd hangande i korskyrkja som vart bygd i 1665 og rive i 1841.

Om denne skriv H. J. Wille:

Molands Hovedkirke er en af Træ i Aaret 1665 opført Korsbygning, den smukkeste i Øvre Thelemarken, da den er lys, net malet og udsiret med alle Kongerne af den oldenborgske Stamme lige indtil Frederik V.

Johan Michael Lund seier:

I Choret sees alle Kongerne af den Oldenborgiske Stamme indtil Friderich den Vte salig og høilovlig Ihukommelse deres Portraiter.

Qvisling fortel og om «oljemalte portrætter av de elleve første oldenburgiske konger fra Kristian den 1ste til og med Kristian den 6te.»

I Kviteseid gamle kyrkje er ein heilt identisk serie som må ha kome dit om lag på same tid, truleg omkring 1750.

Eit par av bileta treng ein serleg kommentar: Christian I: Det merkelege med dette måleriet er at medan monogrammet og valspråket tilhører Christian I, tilhøyrer andletet og kroppen Kong Hans! Her har altså portrettmålaren gjort ein grov referansefeil. Påpeika av Anders Kvåle Rue. Kong Hans (Johannes): På dette biletet har andletet til Christian I hamna, men monogrammet og valspråket høyrer til Kong Hans.

I Moland kyrkje heng måleria i 2011 under galleriet i bakre del av kyrkja.

Kongebilete i Danmark

Museumsinspektør Vivian Etting ved Nasjonalmuseet i Danmark opplyser 2007 at det eksisterer fleire slike seriar med målarstykke av dei Oldenborgske kongane i meir eller mindre komplett stand. På Nasjonalmuseet har dei nokre, på Fredriksborg slott har dei fleire, og vidare er der ein del i kyrkjer. Det er ofte mange kopiar av same bilete.

Lektor Jens Vellev ved Afdeling for middelalder- og renæssansearkeologi ved Aarhus Universitet opplyser 2007 at han kjenner godt til desse seriane, han hadde for lenge sidan fått tilsendt materiale frå norske kunsthistoriske kollegaer. Han har samla mange seriar. Bileta er kopiar av kopiar og i Danmark heng det ei rekke slike på slott, herregardar, rådhus og ein del i kyrkjene opplyser han. Utgangspunktet for produksjonen synest å vere Regnum Daniæ Icones som kom ut i 1646. Den inneheld 102 nummerera kongeportrett. Portretta er oftast plassera i ein medaljong, og når det gjeld oldenborgarane finn ein valspråket på latin samt deira oppnådde alder, «Ætatis», og lengda på deira regjering, «Regnauit».


Fotografi av kongebileta i Moland kyrkje

Kjelder og litteratur

  • Lund, Johann Michael. Prokurator. Forsøg til Beskrivelse over Øvre Tellemarken. Joh. Rud Thiele (?) Kiøbenhavn.1785
  • Wille, H. J. Utrykte optegnelser om Thelemarken. Udgivne i Uddrag af DR. LUDVIG DAAE. A. W. Brøgger. Kristiania 1881. (Reisa byrja 1786.)
  • Qvisling, J. L. Fyresdals historie. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001.
  • Henriksveen og Tveråen. Kirker i Telemark. Flora forlag. Stathelle 1986
  • Rue, Anders Kvåle. Kongelege tabber i Kviteseid. Telemark Tidend 6. des. 2007. Om ei spennande samling måleri frå midten av 1700-talet i Kviteseid gamle kyrkje.
  • Vellev, Jens. Asmild Klosterkirke i 900 år. Udgivet af Forlaget Hikuin. Danmark.1990.