Kragerø fjordbåtselskap

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei av fergene til Kragerø fjordbåtselskap.

Kragerø fjordbåtselskap blei stifta i 1896 og sørger for transport mellom fastlandet og øyane i Kragerøskjærgården.

Fram til våren 2013 dreiv selskapet busstrafikk på Stabbestad og Skåtøy i tillegg til transporten til sjøs. Frå 2013 overtok Drangedal Bilruter denne drifta. Omtrent samstundes, i mai 2013, blei Kragerø fjordbåtselskap et interkommunalt selskap, Kragerø Fjordbåtselskap IKS. Halvparten av selskapet eigast i dag av Telemark fylkeskommune, medan den andre halvdelen eigast av Kragerø kommune.

Etter at Kragerøbanen blei lagt ned i 1989 tok fjordbåtselskapet over jarnbanebygningen i Torvgata 1 i Kragerø sentrum. Fram til april 2017 fungerte bygningen som administrasjonsbygning for selskapet. Etter dette har selskapet heldt lokalar i Ytre Strandvei 1 i Kragerø.

Selskapet har i dag (2018) tre ferger; BF Jesper, BF Naus og MF Kragerø. I tillegg eig selskapet ein hurtigbåt ved namn "Perlen".

Arkiv

Arkivet etter Kragerø fjordbåtselskap er ordna ved Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Kjelder og vidare lesning

  • Heimesida til Kragerø fjordbåtselskap. (Lest 7. august 2018, kl. 11.00).
  • Finstad, Håkon, Der kommer ferja! : Kragerø fjordbåtselskap 1896-1996, Kragerø : Selskapet, 1996. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.