Krokelva fangeleir

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jan. 2013 kl. 15:48 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>'''Krokelva fangeleir''' var ein tysk fangeleir omlag 300 meter nordom den tidligare Semska stasjonSemska i Saltdal kommune under [...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Krokelva fangeleir var ein tysk fangeleir omlag 300 meter nordom den tidligare Semska stasjonSemska i Saltdal kommune under andre verdskrigen. Leiren vart etablert i 1942 og oppløyst ved den tyske kapitulasjonen i mai 1945. Krigsfangane var sett til tvangsarbeid på Blodvegen. Ved kapitulasjonen var det 790 fangar der. 364 fangar omkom i løpet av åra leiren var i drift. Dei attlevande fangane sette opp eit minnesmerke i 1945. Dette minnesmerket vart sprengt av dei norske myndigheitene i samband med Operasjon asfalt i 1950.