Krumstemning

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. jan. 2012 kl. 13:26 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>Ein '''krumstemning''' ({{nn.}}) eller '''krumstevning''' ({{nb.}}) er ein tradisjonell open båttype frå Nord-Noreg. Krumstemningane utgjer den eldre forma av [[nordl...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein krumstemning (Mal:Nn.) eller krumstevning (Mal:Nb.) er ein tradisjonell open båttype frå Nord-Noreg. Krumstemningane utgjer den eldre forma av nordlandsbåtane, og utover 1800-talet skjedde det ei gradvis utvikling til dei meir rettstemna nordlandsbåtane av nyare type. Krumstemningane har relativt rund framstamn og lutande bakstamn. Dei er elles særprega av relativt breie bordgangar, lågt fribord, bruk av keipar heller enn tollpinnar, og generelt ein konstruksjon som er basert på øks heller enn sag.