Krumstemning

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Krumstemning med fem par årar (åttring) i naust på Kjerringøya i Bodø kommune.
Foto: Olve Utne

Ein krumstemning er ein nordlandsbåt av typen som var vanlig fram til tidlig på 1800-talet, føre dei nye, meir rettstemna nordlandsbåtane vart utvikla og tok over. Krumstemningar har ein relativt runda framstamn som bøyer seg noko innover øvst; medan bakstamnen er noko mindre runda, innoverskrådd mot kjølen og utan framlutande overheng. Dei er oftast relativt langsmale og med vesentlig lågare fribord enn dei nyare nordlandsbåtane. Båtane manglar ofte vaterbord og har oftast keipar av «y-type» som er fastnagla i øvste bordet. Som på nyare nordlandsbåtar og geitbåtar, men i motsetning til åfjordsbåtar, har krumstemningane tydelige lyroddar som gjev ein runda overgang mellom øvste bordgangen og stamnane. Krumstemningane, og då særlig åttringane, fikk ord på seg for å vere utrygge i grov sjø, og den hogde konstruksjonen let seg vanskelig kombinere med industriell produksjon. Dette var to vesentlige grunnar til at den nyare nordlandsbåten med høgare fribord, vaterbord, tollpinnar og hovudsaklig saga bordgangar blei utvikla.

Lenkjer