Kviteseid Skogeigarlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jan. 2017 kl. 14:08 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: '''Kviteseid Skogeigarlag''' blei stifta i 1911 == Historikk == Kviteseid Skogeigarlag vart oppretta i 1911. Skogeigarane ønskte å organisere tømmersalet på ein meir lønsam måte e...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kviteseid Skogeigarlag blei stifta i 1911

Historikk

Kviteseid Skogeigarlag vart oppretta i 1911. Skogeigarane ønskte å organisere tømmersalet på ein meir lønsam måte enn det eigarane kunne gjere einsmale.

På 1930-talet skjedde det ei omveltning i infrastrukturen i Øvre Telemark. Tidlegare hadde vassvegen gjennom Telemarkskanalen med sideelver vore den naturlege frakteåra for tømmeret, men med utbygging av vegnettet og framskritta i bilindustrien fann ein snart at det vart meir lønsamt å organisere frakta på nye måtar.

I 2001 fusjonerte Vrådal Skogeigarlag og Kviteseid Skogeigarlag. Laget blei heittande Kviteseid Skogeigarlag.

Arkiv

Arkivet etter Kviteseid Skogeigarlag er ordna ved Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet kan ein finne på arkivportalen.