Kyrkjeholmen i Finndalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. apr. 2011 kl. 14:27 av Olav Momrak-Haugan (samtale | bidrag) (Ny side: KYRKJEHOLMEN i Finndalen Finndalen er eit dalføre mellom Kleivgrend i Fyresdal og Valle i Setesdal. Før Svartedauden skal det ha vore mykje folk som budde her. Etter dette syntest rikel...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

KYRKJEHOLMEN i Finndalen

Finndalen er eit dalføre mellom Kleivgrend i Fyresdal og Valle i Setesdal. Før Svartedauden skal det ha vore mykje folk som budde her. Etter dette syntest rikeleg med tufter og åkerreinar, og mange av dei gamle gardane heldt fram som setrar. Etter ein strid lang tid attende kom Finndalen til å høyre til Valle. Gjennom Finndalen gjekk ferdavegen mellom dei to dalføra. I Raudvatn er det ein holme som heiter Kyrkjeholmen, på denne skal det ha vore ei kyrkje den tid Finndalen hadde fast busetnad.

O. Rygh skriv i ”Norske Gaardnavne”, 1914, under ”Nedlagte kirker” på s. 400: [? Efter Qvisling (S.19) skal der engang i Fortiden have staaet en Kirke paa den saakaldte ”Kirkeholme” i Findalen. Ifølge A. L. Colls Reisehaandbog over Telemarken II S. 354 skal Præsten i Valle i Sætesdalen i gamle Dage have holdt Sommergudstjeneste her et Par Gange om Året. Dette kan vel have givet Anledning til Sagn om en Kirke paa Stedet.]

J. L. Øvisling skriv i boka Fyresdals historie om seterbygda Finndalen på s. 21: ”-- hvor der paa den saakaldte ”Kirkeholme” engang i fortiden skal ha staat en kirke.” Han skriv same stad at der ikkje finnast levningar som kan tyde på dette, men:

Bendik Taraldlien skriv i ”Fyresdal”, 1910, s.55: ”Finndalen heiter eit dalføre millom Fyresdal og Valle. Her hev butt folk i gamal tid, og ei kjørkje skal ha stae paa Kjørkjehomen i Finndalen. Fraa Finndalen er au segnir fraa den tid daa svartedauden var her i lande.” Han fortel at det då enno var synlege tufter.

Same Bendik Taraldlien skriv i ”Fyresdal”, andre utgåva 1949, s. 35 om Finndalen: ”Det er som ein svip av eventyr yvi Finndalen, og mange segnir er her både i Sætesdal og i Telemark um denne merkelege dalen i gamal tid. Der hev vori mange gardar med fastbuande folk. Høge åkerreinar på støylane er merke etter dette. --- Telane hev au samlast med sæbyggjane um sumaren til store stemnur like fyre slåttonni tek til. Det er noko hugtakande friskt ved desse stemnune langt uppe i heii. Det er helst på Kyrkjehomen dei held til. Og det passar godt. Presten skulle au bu der i dalen, vænteleg på Ækre eller Gamalsbø. --- Då Svartedauden kom, vart mest heile Finndalen lagt øyde.” Tvers yvi Finndalen gjeng den gamle ”Bispevegen” millom Fyresdal og Valle.

Sundag 12. juli 1914 vart det halde eit stort ungdoms- og misjonsstemne med 300 deltakarar på Kyrkjehomen. Det var folk frå Setesdal og Fyresdal som møttest der til friluftsgudsteneste og ettermiddagsmøte. På vegen hadde dei frå Telemark overnatta på gardane Torsdalen og Ramsvatn og stølane omkring Kyrkjehomen. (---”Sjå deg attyvi 1994”---)

Mykje av Kyrkjeholmen og ei lang rekke buplassar vart neddemde då Finndalsvassdraget vart regulera i 1960 åra med ein stor dam i Hovatn ved garden Torsdalen.

Den siste messa som vart halden i Finndalen var Olsokdagen 1962 , denne gudstenesta var på neset mellom Fisstøyl- og Raudvatn. Det meste av Kyrkjeholmen gjekk inn i dei om lag 4000 dekar som blei satt under vatn då dammen var ferdig. Biskop Kaare Støylen og ein dansk biskop var med der, og sokneprest Armand Berg frå Fyresdal forretta. Det var då slutten på ein tradisjon der det truleg heilt frå 1876 var halde gudsteneste her kvart andre eller tredje år. Sokneprest Kr. Larsen i Valle skreiv det fyrste referatet i 1903.

Kjelder og litteratur:

  • J. L. Qvisling: ”Fyresdals historie”. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001.
  • ”Fyresdal”. Med bilæte. Bendik Taraldlien, fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
  • ”Fyresdal”. Bendik Taraldlien , andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo
  • ”Norske gaardnavne” af O. Rygh, syvende bind, Bratsberg Amt, bearbeidet af A. Kjær,

W. C. Fabritius & Sønner A/S Kristiania 1914

  • ”Sjå deg attyvi” Fyresdal sogelag 1994 s. 35: ”Finndalen – eit nedlagt samfunn.”
  • ”Sjå deg attyvi” Fyresdal sogelag 1994 s. 37: ”Messa på Kyrkjehomen i Finndalen i 1914.”
  • ”Bispevegen gjennom Finndalen” Langstrøm, Langstrøm og Lønn. 1984. Der står omtala ”Den siste messe i Finndalen.”