Kyrkjevegen (Kviteseid)

Kyrkjevegen i Brunkeberg i Kviteseid kommune går gjennom Brunkeberg sentrum. Han startar som framhald av gangveg under Brunkebergvegen (E134) ved nr. 7 og går i ei boge og ut på Brunkebergvegen lengre vest. Han er 990 meter lang.

Kyrkjevegen med nr. 40, Brunkeberg kyrkje.
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen har namn etter Brunkeberg kyrkje. Attmed vegen ligg tre tidlegare butikkar og kyrkja.

Kyrkja, som er ei korskyrkje, vart sett opp av byggmeister Saamund Gjersund fra Morgedal i 1790. Målararbeidet vart gjort av Aslak Nestestog frå Vinje.

  • Nr. 31: Tidlegare Vest-Telemark Samvirkelag, avd. Brunkeberg. No brukthandel (pr. 2021).
  • Nr. 32: Tidlegare landhandel.
  • Nr. 35: Tidlegare landhandel.
  • Nr. 40: Brunkeberg kyrkje.

Kilder


Koordinater: 59.43706° N 8.48551° Ø