Kystkulturlaget i Vågsøy

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. mai 2012 kl. 08:17 av Aslak Kittelsen (samtale | bidrag) (formatering, 3. person og nynorsk)
Hopp til navigering Hopp til søk

Vedvik Båtlag er eit kystlag i Vågsøy kommune i Nordfjord. Laget vart stifta som eit lag for å fremje kystkultur og kunnskap om trebåtar, og deltok i arrangementa før OL på Lillehammer i 1994. Kystkulturlaget i Vågsøy vart stifta 19. april 1995 som ei vidareføring av Vedvik Båtlag. Laget har som formål å bevare og oppretthalde tradisjoner som er knyttet til sjø og sjøbruk. Laget er medlem av Forbundet KYSTEN og har ca 50 medlemmer.

Laget prøver å presentere den gamle kystkulturen ved messer og tilstellinger i Vågsøy kommune og dei nærliggande kommunane. Siden 1997 har dei vori eit fast innslag på Måløydagane, der dei sel tradisjonsmat som tørrsild, kams og fiskesuppe. Laget kjøpte i 2001 "Starheimsbuda" på Raudeberg. Denne vart sett i stand, og det er etter kvart innreda møtelokale/kafé på loftet i buda.